Erik Kanestrøm stod for fleire målgjevande og to mål i dagens oppgjer mot Fjøra på Kuventræ.
Erik Kanestrøm stod for fleire målgjevande og to mål i dagens oppgjer mot Fjøra på Kuventræ.

Gjekk ut i hundre

Os hadde tydelegvis bestemt seg for tre poeng i dag. Alt etter 30 minutt stod det 3-0, anført av ein aktiv Erik Kanestrøm.

Det var aldri noko tvil om kven som skulle ta tre poeng i oppgjeret mellom Os og Fjøra i dag. Os trykka på frå start og hadde fleire store sjansar før dei endeleg fekk ballen i mål. Då kom det att på til to kjappe. Først skåra Divaldo Cardoso etter corner frå Erik Kanestrøm. Rafael Villen auka til 2-0 få minutt seinare, nok ein gong var Kanestrøm nest sist på ballenm og nok ein gong var det etter corner. Etter to målgjevande, skulle Kanestrøm få lov til å vera sist på ballen då han auka til 3-0 etter halvtimen spelt. Sigeren kunne i følgje rapportane vore endå større, for dei gule og svarte skapte flust av sjansar.

Os låg seg ikkje bakpå etter pause, sjølv om leiinga var komfortabel. Dei gule og svarte heldt fram med å skapa målsjansar, men det var bortelaget som skåra først i andreomgang. Ein ball blei snappa på femmeteren etter rot i heimelagets forsvar, og reduseringa var eit faktum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet såg ikkje ut til å prega heimelaget, som hadde fleire store sjansar før Erik Kanestømr sette inn sitt andre for dagen åleine med keeper. Divaldo Cardoso skulle også bli tomålsskårar i dag, då nok ein corner enda med skåring for heimelaget. Os cruisa mot ein komfortabel siger, men bortelaget var lystne på fleire skåringar. Kort tid før slutt var Knut Haga litt uheldig då han laga straffespark. Bortelaget reduserte. På overtid skulle dei få nok ei redusering, i det målrike oppgjeret som til slutt enda med 5-3-siger til Os.