Ellinor og Elina går i 9. klasse på Nore Neset ungdomsskule og tek eit valfag som går ut på å hjelpa andre.
Ellinor og Elina går i 9. klasse på Nore Neset ungdomsskule og tek eit valfag som går ut på å hjelpa andre.

Gledde dei eldre

Ellinor og Elina frå Nore Neset ungdomsskule gav dei eldre i Gamleheimshagen ein strålande fin dag gjennom valfag på skulen.

Ellinor og Elina går i 9. klasse på Nore Neset ungdomsskule og tek eit valfag som går ut på å hjelpa andre. Dei har bakt kaker som dei har selt på skulen, og pengane dei fekk inn, har dei brukt på å kjøpa inn bingo-gevinster, kaker og kos. Dei har også bakt peparkaker.

Alt saman hadde dei med seg til brukarene på dagsenteret i Gamleheimshagen. Der gjennomførde dei bingo og serverte både kaffi og kaker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei eldre sette stor pris på besøket og hadde ein kjempefin dag, og dei to hjelpsame elevane er ikkje overraskande hjarteleg velkomne tilbake.

jostein@osogfusa.no