Medan nokon var i elden følgde resten av gjengen med på skytinga i dei ulike klubbhusa på Hallingdal-stemna.
Medan nokon var i elden følgde resten av gjengen med på skytinga i dei ulike klubbhusa på Hallingdal-stemna.

God oppkøyring til LS

Os Skyttarlag var godt representert på Hallingsstemna. Ungdomen og dei eldste gjorde det best.

21 skyttarar frå Os Skyttarlag reiste til Hallingdalen for å delta på Hallingstemna frå torsdag 26. juli til søndag 29. juli. Totalt med vener og familie var vi 41 osingar på plass på Gol.

Dei fleste budde på Gol Campingsenter, enten med eiga campingvogn, eller i ei av hyttene til campingplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Felles middag

Laurdag samla vi nesten alle saman til felles middag i restauranten til campingsenteret. Dette var ein svært hyggjeleg sosial sammenkomst der «gamal og ung» hadde det kjekt saman.

På Gol vert det skote på fire stemne i løpet av fire dagar, og vi skyt vanleg DFS-program med innleiande 25 skot og fortløpande 10-skots finale.

Som venta var det ungdommane som leverte på skytebanen. Konkurransen i rekruteringsklassane er knallhard, så sjølv med gode resultat, er det ikkje alltid vi kjem på pallen. Men vi tar med nokre av høgdepunkta her:

Maren Evensen i klasse Eldre Rekrutt skaut tre stemne med 250 poeng, og eitt med 249.

Amalie Evensen i klasse Eldre junior fekk ein førsteplass, to andreplassar og ein tredjeplass.

Daniel Myklebust Fjellstad fekk ein fjerdeplass på Hadding og ein femteplass på Heimsil.

Iselin Eide Ure i nybyrjarklassen imponerte med 50 poeng i den eine 5-skotserien og 99 poeng under 10-skotserien, og stoppa på 244 poeng på skytebanen til Nes og Bromma.

Femteplass til Oddvar

Av dei vaksne skyttarane våre har vi Oddvar Drange i klasse V65, som tidlegare i år har prestert svært godt med 250 poeng på fleire stemne. I Hallingdal skaut han også bra, men nivået er høgt, og Oddvar måtte seia seg nøgd med ein femte- og ein sjetteplass med 250 poeng på innleiande og 349 poeng etter finaleskytinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oddvar Eikemo, Odd Gorm Hansen og Reidar Dahle i klasse V73 hadde også gode resultat.

I seniorklassane har vi Arild Røyseth som skyt i klasse 5. Arild fekk 11. plass som beste plassering på Hadding med 246 på innleiande og 346 etter finaleskytinga.

Totalt sett ser vi at våre ungdomar og veteranar er blant dei beste, og dette lover godt for Landskytterstevnet i Stjørdal denne veka.

John Kenneth V. Nilsen

Ungdomsleder, Os skyttarlag