Joakim Helland og Lysekloster var gode mot Stord på søndag. Munkane vann 4-2 og gler seg no til lokalderbyet mot Os på laurdag.
Joakim Helland og Lysekloster var gode mot Stord på søndag. Munkane vann 4-2 og gler seg no til lokalderbyet mot Os på laurdag.

God opptakt til Os-kampen

Lysekloster heva seg etter onsdagens cup-kamp og slot Stord komfortabelt 4-2 borte søndag.

– Til liks med på onsdag hadde me det meste av spelet, men denne gongen skapte me meir sjansar og skåra fleire mål, seier sportssjef i Lysekloster Svein Kollen.

Han var svært nøgd med kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gutane hadde god kontroll på kampen. Stord kjempa og kriga godt, men når me fekk ballen til å rulla sleit dei med å hengja med, seier Kollen.

Lysekoster var oppe i 3-0-leiing før heimelaget fekk redusert. Til pause stod det 3-1 til munkane.

To gigantar

Ifølgje Kollen var det to spelarar som utmerkte seg ekstra for laget hans.

– Kristoffer Østervold skåra to mål og var veldig god. Denis Ljobovic var konge i midtforsvaret og fekk også notert seg for mål i denne kampen, fortel han.

Nykomar Durim Muqkurtaj fekk debuten sin for munkane, og spelte høgre midtstoppar.

– Han var solid og gjorde ein god debut, skryter Kollen.

Klar for lokalderby

Med to sigrar og eitt tap så langt i sesongen er Lysekloster komne godt i gang med årets serie. Laurdag tek dei imot Os heime i Lysekloster Framo idrettspark.

– Det blir ein spennande kamp mellom to lag som har gjort det bra til no. Gutane våre gler seg. Det gjer sikkert Os-spelarane også, seier Kollen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lyseklosters målskårarar i denne kampen var i tillegg til Østervold og Ljobovic, Torvald Trætteberg