Brannstasjonen på Moberg i Os er éin av kring 350 brannstasjonar landet rundt som inviterer store og små innomhus laurdag. Konkurransar, sløkkjed monstrasjonar og brannbilar, er berre noko av det ein kan få med seg.
Brannstasjonen på Moberg i Os er éin av kring 350 brannstasjonar landet rundt som inviterer store og små innomhus laurdag. Konkurransar, sløkkjed monstrasjonar og brannbilar, er berre noko av det ein kan få med seg.

Gode råd om branntryggleik: – Brannvernveka har blitt ein viktig tradisjon

Nye tal syner at hausttradisjonen «Open brannstasjon» framleis er viktig for å redusera omfanget av alvorlege bustadbrannar.

Det går fram av ei pressemelding brannvesenet har sendt ut i samband med at 350 brannstasjonar over heile landet, deriblant på Moberg og i Eikelandsosen, opnar portane for små og store laurdag.

I samband med årets brannvernveka har Kantar gjennomført ei undersøking for Norsk brannvernforening, forsikringsselskapet If og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Av undersøkinga går det mellom anna fram at:

Artikkelen held fram under annonsen.

• Kvar femte familie ikkje har tenkt gjennom kva dei skal gjera om det startar å brenna i eigen bustad.

• Berre 1 av 8 barnefamiliar har hatt brannøving heime.

• 1 av 4 har avtalt møteplass.

– Vi oppmodar alle om å gjennomføra ei brannøving heime. For barnefamiliar er det spesielt viktig at dei vaksne har ei avklart rollefordeling i tilfelle brann, slik at ein unngår misforståingar i ein kritisk situasjon der ein kanskje ikkje klarer å tenkja klart. Eit skrekkscenario er at nokon går inn att i eit brennande hus av di ein ikkje finn kvarandre på utsida, og så står den ein leitar etter trygt ein annan stad, seier Jan Olav Birkeland.

– Byrjar det å brenna, er du og familien overlatne til dykk sjølve i dei første livsviktige sekunda og minutta. Då er det ikkje tid til å lura på kva ein skal gjera, seier branningeniør og leiar for skadeførebyggjande avdeling i forsikringsselskapet If, Anders Rørvik Ellingbø.

– Berre ved å ha brannøving heime kan ein trena på dette, legg han til.

Open brannstasjon

Eit synleg og lett tilgjengeleg brannsløkkjeapparat er også viktig med tanke på brann om natta.

– Sekunda tel om det startar å brenna, så plassering av brannsløkkjeapparatet kan vera avgjerande. Om natta når det er mørkt er det spesielt viktig at det er raskt og enkelt å finna apparatet, seier administrerande direktør i Norsk brannvernforening, Rolf Søtorp.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Os er det Os brann og redning, Røde kors, politi, legevakt, ambulanse og DLE (lokalt eltilsyn) som står for gjennomføringa av open brannstasjon.

– Open brannstasjon gjev oss mogelegheit til å formidla brannførebyggjande bodskap til publikum i ei tid på året då talet på bustadbrannar ofte er aukande. Om hausten trekkjer vi meir innandørs, og vi slår på lys og varme, fyrer i peisen og tenner levande lys, seier Birkeland i pressemeldinga.

Brannvernveka har vore arrangert i Noreg sidan 1980-tallet, og har blitt en viktig tradisjon. Brannvernveka vert arrangert av Norsk brannvernforening, DSB og If i samarbeid med brannvesenet.

camilla.kvamme@osogfusa.no