Her er nokre blinkskot frå fjorårets fotokonkurranse på 17. mai.
Her er nokre blinkskot frå fjorårets fotokonkurranse på 17. mai.

Gratulerer så mykje med dagen!

Os & Fusaposten ønskjer alle lesarane ein fin nasjonaldag, og ikkje gløym å senda oss dine blinkskot.

Frå Nordtveitgrend i sør til Søfteland i nord, tagg dine Instagram-bilete frå feiringa med #osogfusaposten eller send oss bilete på post@osogfusa.no, og ver med i trekninga av flaxlodd. Har du sølt is på bunaden? Send oss eit bilete! Er du ekstra stolt over 17. mai-toget? Send oss eit bilete! Har heile familien kledd seg i finstasen? Send oss eit bilete! I det heile, send oss dine blinkskot.

Sentrumsprogram

Det er tettpakka program ute i distrikta så vel som i sentrum av Os og Fusa. I Os startar Os Musikkforening å spela frå Finnebrekka klokka 07.00. Deretter går det slag i slag med talar på Luranetunet klokka 10.00 og gudsteneste i Os Kyrkje, før det blir tale i Minneparken klokka 11.00, og oppstilling til prosesjon på skuleplassen på Os ungdomsskule klokka 11.30. Arrangementet held fram når toget kjem attende til Kyrkjeflaten klokka 12.45, med talar og song.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Eikelandsosen startar dagen med eit smell – ein salutt – klokka 08.00, før gudsteneste i Hålandsdalen kyrkje ventar klokka 11.00. Toget går ca. klokka 12.00 frå bedehuset, før det blir talar og song ved sjukeheimen klokka 12.30. Talar og song står også på programmet 13.30 i samfunnshuset. Klokka 14.30 er det tid for leikar.

Os & Fusaposten rekk ikkje over alle markeringane, og vi håpar difor at så mange som mogleg tek del i fotokonkurransen, slik at me kan dela nasjonaldagsfeiringa med alle våre lesarar.