(
(

Gult farenivå: I natt skal det bøtta ned

Lokalt er det venta 30–50 millimeter nedbør i løpet av seks timar.

På yr.no kan ein sjå at det er venta mykje regn natt til torsdag. Der skriv dei at faren aukar frå klokka 01.00 og utover, og at faren er over klokka 07.00. Det er i dette tidsrommet det skal kunna koma opp mot 50 millimeter regn. Dei mest utsette områda er midtre strøk i Hordaland. Det skal vera fare for overvatn i tettbygde område, og fare for lokale oversvømmingar, bekke- og elveløpsendringar, og jord- og flaumskred i bratte terreng.