Gunslingers kjem til Nore Neset aktivitetshus vesle nyttårsaftan.
Gunslingers kjem til Nore Neset aktivitetshus vesle nyttårsaftan.

Gunslingers til Nore Neset

Tradisjon tru blir det konsert i regi av Os Live i Nore Neset aktivitetshus vesle nyttårsaftan. Det første bandet er no sleppt.

Roots-musikk har vore ein suksess for arrangøren Os Live, seinast i fjor då Mighty Magnolias, Byting og Rotlausbaud opp til dans. Det første bandet til årets konsert er stadfesta, og det er ingen ringare enn Gunslingers, som til neste år har tiårsjubileum. Dei har halde fleire hundre konsertar rundt omkring på alt frå hotell til samfunnshus, og dei siste åra har dei vore headlinerar på fleire av landets største festivalar. På heimesida skriv dei at bandet med sitt høge energinivå på konsertane, skaper ein uforklarleg kjemi og stemning mellom dei og publikum. I tillegg meiner dei at musikken fungerer for alle aldrar og i alle krinsar.

Våren 2017 gav Gunslingers ut singelen “Helg” og etter denne har dei hatt over 30.000 streams kvar dag, samt over 80.000 månadlege lyttarar på Spotify, skriv dei på heimesida.