Ein gut fekk tilsyn frå ambulansepersonell etter ei ulukke ved kjøpesenteret Amfi Os i føremiddag.
Ein gut fekk tilsyn frå ambulansepersonell etter ei ulukke ved kjøpesenteret Amfi Os i føremiddag.

Gut (7) påkøyrd ved Amfi

Guten er sendt til Haukeland etter å ha fått foten under eit bilhjul.

Rundt klokka 13 i dag fekk ambulansetenesta melding om at ein gut på sju år var påkøyrt ved parkeringsplassen utanfor kjøpesenteret. Ifølgje politiet har han kome springande ut mellom to bilar, og har truleg fått eit bilhjul over foten. Guten fekk tilsyn av ambulansepersonell på staden, og det vart påvist brotskadar. Han er no frakta til Haukeland sjukehus.

ol@osogfusa.no