Politiet ønskjer å koma i kontakt med føraren av ein grå varebil, etter ein påkøyrsel i krysset mellom Borgavegen og Hjellevegen måndag.
Politiet ønskjer å koma i kontakt med føraren av ein grå varebil, etter ein påkøyrsel i krysset mellom Borgavegen og Hjellevegen måndag.

Gut påkøyrt – etterlyser grå varebil

Politiet i Os etterlyser ein grå varebil i samband med at ein 10 år gamal gut vart påkøyrt i 19-tida måndag.

Hendinga fann stad i krysset Borgavegen/Hjellevegen måndag kveld.

Guten vart lettare skadd, og no etterlyser politiet ein grå varebil med ein mannleg sjåfør.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bilen skal ha kome frå Borgavegen, og køyrt frå staden etter påkøyrselen. Politiet bed den aktuelle sjåføren om å melda seg hjå Os lensmannskontor, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen i ein e-post til avisa.

Politiet ønskjer òg å koma i kontakt med eventuelle vitne til hendinga.

camilla.kvamme@osogfusa.no