Ingen is er per dato trygg.
Ingen is er per dato trygg.

Gut sykla på isen

Halv to fredag rykte Os lensmannskontor ut for å stansa ein gut som sykla på isen på Vindalsvatnet.

Ifølgje Os brannvesen er det ingen vatn som har trygg is per dags dato. Likevel finst det folk som utfordrar skjebnen og vågar seg ut på.

Fredag ettermiddag fekk Os lensmannskontor melding om ein gut, eller mann som sykla på Vindalsvatnet på Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har sendt folk til plassen for å få han av isen. Dette vatnet er ikkje trygg for ferdsle korkje til beins eller på sykkel, konstaterer politibetjent Kjetil Hansen ved Os lensmannskontor.

Merksamt vitne

Han takkar eit merksamt vitne for tips om saka.

– Det var ein bebuar i området som såg syklisten. Han var også klar på at vatnet ikkje var trygt til å gå eller å sykla på, seier Hansen.

Til alle som måtte lura: Det skal vera 15 cm blåis på vatnet for at brannvesenet skal melda det trygt å gå ut på. Det er det altså ikkje på nokon av vatna i Os per dags dato.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no