Vegard Skeie drog i gang kick off-en på Os-russens Krafttak mot kreft onsdag. Søndag kjem dei på dørene i Os.
Vegard Skeie drog i gang kick off-en på Os-russens Krafttak mot kreft onsdag. Søndag kjem dei på dørene i Os.

Gymnaset og vidaregåande slår seg saman: Felles krafttak mot kreft

Russen på Os gymnas og Os vidaregåande skule slår saman kreftene for årets kreftsak-aksjon. Søndag kjem dei på dørene i heile Os.

Onsdag føremiddag var det kick-off for årets Krafttak mot kreft-aksjon på Os gymnas. Nytt av året er at Os vidaregåande skule er med på same arrangementet.

– Tidlegare år har me gått om ein annan, utan å koordinera det. I år fann me ut at me like godt kunne ha felles aksjon, seier aksjonsleiar ved Os gymnas, Vegard Skeie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Større breidde

Leiaren trur dei vil nå breiare ut, når begge skulane mobiliserer til same dag.

– Me skal organisera oss godt og prøva å nå ut til heile Os i løpet av søndagen. Går det som me håpar, har me godt over 200 børseberarar i aksjon denne dagen, seier Skeie.

Fotballkompis Trym Hjørnevik er leiar for aksjonsgruppa ved Os vidaregåande skule.

– I prat med han fann me ut at det også var meir praktisk i høve til å informera om aksjonen og den slags å ha det saman, seier Skeie.

Han ser ikkje bort frå at det vert ein tradisjon.

Innsats gjer nytte

Under kick off-en på onsdag gjorde Vegard ein solid innsats for å motivera sine medelevar. Hovudbodskapen var at sjølv den minste innsats nytter.

– Har det noko å seia om eg eller kompisen droppar å gå, spurde Vegard retorisk.

Svaret hans var rungande ja.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Berre på denne skulen vart det i fjor samla inn 115.644 kroner. Alle skular på Vestlandet var med. Totalt gav det ein sum på 6,2 millionar! I lag med resten av russen i Noreg vart det totalt 42 millionar. Då snakkar me om at det nyttar og at ein får inn mykje pengar til forsking, sa Skeie til medelevane.

Inntektene av årets aksjon går som vanleg til kreftforeininga, denne gongen øyremerkt til forsking på krefttyper som det normalt er låg sjanse for å overleva.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no