annonse

Hamna på taket utanfor Moshovdatunellen

Biluhell
Biluhell: Ein bil hamna på taket i Eikelandsosen i natt. (Foto: Arkiv)

I natt gjekk ein bil rundt utanfor tunellen, men til alt hell gjekk det bra med sjåføren.

Øystein Lid

Politibetjent Anders Opsahl ved Fusa lensmannskontor fortel at hendinga fann stad klokka 3.15 i natt.

- Bilen kom over i motgåande køyrefelt og kolliderte med ein stein som stod 2 meter utanfor vegen. Bilen tippa rundt og landa på taket, men det gjekk relativt bra med føraren. Han var den einaste i bilen, seier Opsahl.

Han vart sendt til legevakta i Fusa, der han fekk tilsyn for mindre skadar før han vart henta av kona.

ol@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.