Sigvald Hauge, til vanleg underdirektør i UD, delte ut ordensteiknet på vegner av slottet.
Sigvald Hauge, til vanleg underdirektør i UD, delte ut ordensteiknet på vegner av slottet.

Hans Bjørn Bakketeig utnemnt til riddar av første klasse

Under høgtideleg seremoni i galleriet i Oseana vart Hans Bjørn Bakketeig i dag tildelt den kongelege utmerkinga som riddar av første klasse.

Sigvald Hauge, som til vanleg er underdirektør i UD, delte ut ordenen på vegner av Hans Majestet.

«Vi Harald, Norges konge, gjør vitterlig at vi under 2. oktober 2017, har utnevnt hans Bjørn Bakketeig til riddar av første klasse av Den kongelige norske fortjenestorden av hvilken vi selv er Stormester», stod det på dokumentet som Bakketeig fekk overlevert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bakketeig har sidan 2001 jobba med og for synshemma i Moldova, eitt av Europas fattigaste land. Augehelsa i landet har fått eit løft gjennom din innsats, slik at mange har fått elementære rettar som synshemma, sa Bakketeig, før han leste frå ordensrådet si grunngjeving.

– Ordensrådet seier at Bakketeig har utført eit ueigennyttig arbeid til beste for dei synshemma i Moldova. Arbeidet har resultert i ei grunnleggjande endring i tilbodet for synshemma, og til utdanningsmoglegheitar innan optometri i Moldova. Kandidaten har opparbeidd store fortjenester for Noreg og for menneskeheita, sa Hauge.

– Du var ein engel blant trengande

Kåre Næss i Hjelp Moldova fortalde om korleis organisasjonen oppdaga Bakketeig. Dei hadde besøkt ein heim for funksjonshemma nord i Moldova og oppdaga at fleire som berre trengde enkle visuelle hjelpemiddel, i staden var plasserte saman med funksjonshemma i institusjonar. Bakketeig blei mannen som for første gong hjelpte mange av desse til eit nytt liv.

– Då Jorunn kontakta meg om å søkja om at Bakketeig skulle for Kongens fortenestemedalje, var det ein tanke eg sjølv hadde hatt mange gonger. På ein tur me hadde til Moldova i år 2000 såg me kor stort behovet var blant synshemma. Det var mange som bad om hjelp, men så var det ingen til å hjelpa. Men så stod det plutseleg ein dag ein liten mann på krykkjer i blant dei. Han var kanskje liten av vekst, men han hadde eit stort hjarte. Og mange opplevde det nok som at du var som ein engel sendt frå høgare makter. Eg hugsar at du sa: «Dersom eg berre kan hjelpa eitt menneske, vil det vera verd det», sa Næss i sin gratulasjonstale.

Han fortalde også om korleis Bakketeig har greidd å opna dører på øvste nivå i landet.

– Første gongen me besøkte helsedepartementet i Moldova, stod me litt med lua i handa. Men når ministeriet no får høyra at Hans Bjørn Bakketeig er i bygget, står dei i giv akt, fortalde han.

Rørt riddar

Bakketeig fekk også overlevert ein varm takk frå Os kommune ved Marie Bruarøy. Ordføraren var rørt av historiene ho fekk høyra om Bakketeigs innsats, og takka han for at han hadde redda livet til mange i Moldova. Bakketeig sjølv ønskte å dela utmerkinga med mange i salen, og takka alle.

– Kona mi, Ingunn, har vore ei kjempegod støtte. Eg deler denne utmerkinga med alle i Hjelp Moldova. Eg var i Tanzania då eg fekk vita om det. Eg såg ein e-post der det stod «Ridder Hans Bjørn». Eg fekk sjokk. Som de ser, er eg eit kjenslemenneske. Ingunn spurte om nokon var død, og det var det sjølvsagt ikkje. Dette er ei stor ære, og det følest fantastisk. Tusen takk, sa Bakketeig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter seremonien vart det middag i restauranten i Oseana.

Om ordenen

Den kongelige norske fortjenestorden vart etablert i 1985 og blir tildelt dei som på ein særleg måte har fremja norske interesser og menneskeheita i utlandet. Forslaget om å innlemma Bakketeig i ordenen kom frå synspedagog Jorunn Indrefjord, Kåre Næss i Hjelp Moldova, ordførar Terje Søviknes og tidl. leiar i norsk optikarforbund, Ann Jervell.

ol@osogfusa.no