Sandal bru er stengd, men forhåpentlegvis blir vegen i Sævareid opna i løpet av fredagen.
Sandal bru er stengd, men forhåpentlegvis blir vegen i Sævareid opna i løpet av fredagen.

– Håpar å kunna opna brua i løpet av dagen

Vegvesenet jobbar med å få fiksa Sandal bru, men det er ikkje sikkert at vegen opnar i dag.

– Vi håpar og trur at vi skal klare å opna vegen i dag. Det er mange brikker som skal falla på plass, men om alt går etter planen ser det ut til å gå greitt, opplyser Vidar Tveiterås i Statens vegvesen.

Provisorisk bru

Torsdag måtte dei stengja Sandal bru. Først for tyngre køyretøy, men då brua seig nedover på eine sida, blei vegen heilt stengd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det som har skjedd er at flaumen som har vore den siste tida har vaska ut og gjort skade på fundamentet på eine sida. Mykje av fundamentet er øydelagt. Det gjer at brua har sige ned på den sida, seier Tveiterås og legg til:

– Vi jobbar med saka og er i ferd med å laga til ei provisorisk bru. Vegen vil bli noko smalare, men alle køyretøy skal kunna passera.