Politiet undersøkjer nokre av blodspora som vart funne utanfor Rice restaurant.
Politiet undersøkjer nokre av blodspora som vart funne utanfor Rice restaurant.

Har funne mannen som blødde

Klokka 9.30 fekk politiet ein nødtelefon frå den skadde mannen. Men han kunne ikkje forklara kva som var skjedd.

Som Os og Fusaposten skreiv i dag tidleg peikteblodspora utanfor Os rådhus i retning av Kafe Engeline. Politiet ante på dåverande tidspunkt ikkje kven blodet stamma frå.

– Klokka 9.30 fekk me ein nødtelefon. Mannen ringde frå ei adresse like i nærleiken av Os rådhus, fortel operasjonsleiar Lars Geitle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart straks send ein ambulanse til adressa, og mannen er no frakta til Haukeland sjukehus med stort blodtap.

Undersøkjer om det har skjedd noko kriminelt

Politiet ser på mannens bustad som ein åstad, og driv undersøkingar der inne. Dei har i tillegg hatt søk med hund i Brugata.

– Me står med litt blanke ark førebels. Mannen var ikkje sjølv i stand til å forklara kva som var skjedd. Me veit ikkje hundre prosent sikkert at det er han som blødde utanfor rådhuset, sjølv om nærleik i tid og stad gjer det sannsynleg, seier Geitle.

Mannen mista mykje blod og er no sendt til Haukeland.
Mannen mista mykje blod og er no sendt til Haukeland.

Ifølgje ein av politibetjentane på staden undersøkjer dei om det kan vera ein person nummer to med i biletet.

– Me gjer fleire undersøkingar i tilfelle det har skjedd noko kriminelt.

– Kan ein sjå ut frå såra hans om dei kan vera påført av nokon andre?

– Det kan eg ikkje kommentera, seier Geitle.

Politiet vonar å kunna avhøyra mannen etter at han har fått legebehandling.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no