Stemninga er god innad i 7-ar-laget til Os/Nore Neset. Frå venstre - Nathalie Reiertsen, Elisabeth Frøyset, Jorunn Staverløkk, Elna Larsson, Lillian Korneliussen, Margun Roksvåg, Siri Helene Henriksen og Jannicke Frotveit.

Har ikkje gløymd gamle kunstar - i helga vart dei seriemeistrar

Fleire av damene som var med då Os spelte i 1. divisjon i 1998, er aktive på det ferske 7-ar laget til Os/Nore Neset. I helga krona dei ein kanonsesong med serietittelen.

7-arlaget til damene vart starta opp etter initiativ frå Jorunn Staverløkk før årets sesong.

Med ein kamp til gode sikra laget seriemiesterskapet mot Apollo/Nordsiden-Askøy søndag. Den kampen vann damene 4-1.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag spelar dei nybakte seriemeistrane sin siste kamp for sesongen når dei møter Kalandseid på Kuventræ.

jostein@osogfusa.no