annonse

Har ikkje råd til alle bølgjebrytarane no

Bølgjebrytar
Bølgjebrytar: Den eine bølgjebrytaren har så langt kosta ca. 13 mill. kroner. (Foto: Øystein Lid)

Kostnaden for bølgjebrytarane kan koma opp i 40 mill. kroner. Det tyder at Os kommune inn til vidare ikkje har råd til den siste av dei.

Øystein Lid

Som Os og Fusaposten skreiv i sist avis, vil bølgjebrytarane bli mykje dyrare enn først trudd. Prosjektet skulle kosta 21 mill. kroner, og er no kostnadsrekna til 37 mill. kroner.

Rett bruk av offentlege midlar?

– Når det vil kosta nesten 10 mill. kroner per bølgjebrytar, må me leggja opp til ein politisk debatt om det er ein riktig bruk av offentlege midlar eller ikkje, sa rådmann Christian Fotland i formannskapet tysdag.

Han sa at det kunne vera ei mogleg løysing å gå for tre av fire bølgjebrytarar i første omgang.

Politikarar på alle sider av den politiske skalaen var kritiske til at det opprinnelege overslaget bomma så mykje, men dei var rykande usamde om kva konsekvensar dette bør få. Opposisjonen gjentok at prosjektet bør skrinleggjast, og at hamneutvikling ikkje er ei strengt tatt naudsynt oppgåve for kommunen. Posisjonen poengterte at kommunen også må etablera nokre ting som ikkje er direkte ein del av kjerneoppgåvene for å halda oppe attraktiviteten.

Kan koma opp i 40 mill.

Avtroppande prosjektsjef Tor Inge Døsen forklarte om økonomien i prosjektet.

– No er det brukt ca. 13 mill. kroner på den eine bølgjebrytaren, men det vil kosta mindre å laga dei neste. Mellom 8 og 9 mill. kroner per bølgjebrytar, sa Døsen.

Dersom det blir 9 mill. kroner på kvar av dei komande bølgjebrytar tyder det at kostnaden kan koma opp i 40 mill. kroner samanlagt. Døsen forklarte at manglande kunnskap om prisar på stålkonstruksjonar var ein del av årsaka til at dei ikkje hadde treft på overslaget. Vidare hadde ein kommunikasjonssvikt før til at dei ikkje hadde fått opplyst at prisane som var oppgjevne av leverandør, var ekskludert moms.

– Vil tena meir enn det kostar

Han var likevel overtydd om at det kommunen kan tena, bl.a. ved sal av vesentleg fleire båtplassar, vil overstiga utgiftene på lang sikt.

Marie Bruarøy (H) sa at for posisjonen si side er det uaktuelt å stoppa prosjektet, men at dei vil føreslå å venta med den eine bølgjebrytaren.

– Me vil fullføra prosjektet, men nett no har me berre pengar til å byggja tre av dei, sa Bruarøy.

ol@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut