André Bjørndal meiner politikarane blandar fakta og private meiningar i skulesaka. Ifølgje hålandsdølen bør Agenda Kaupang sin rapport, samt offentleg statistikk, leggja grunnlaget for ein eventuell ny skulestruktur. - I rapporten står det mellom anna at ei endring av strukturen kan ha negative konsekvensar for nærmiljøet. Det bør sjekkast ut, meiner Bjørndal.
André Bjørndal meiner politikarane blandar fakta og private meiningar i skulesaka. Ifølgje hålandsdølen bør Agenda Kaupang sin rapport, samt offentleg statistikk, leggja grunnlaget for ein eventuell ny skulestruktur. - I rapporten står det mellom anna at ei endring av strukturen kan ha negative konsekvensar for nærmiljøet. Det bør sjekkast ut, meiner Bjørndal.

Har stor tru på dialog

- Dersom det om to år er like mange private som offentlege skular i Fusa, er det ei falitterklæring for politikarane. Då har dei ikkje gjort jobben sin skikkeleg.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Det meiner André Bjørndal. Han er kontaktperson for Hålandsdal Vekst SA, skulen som vart godkjent som privat grunnskule frå hausten 2015.

Bjørndal er overtydd om at dersom politikarane hadde hatt ein betre dialog med dei ulike bygdene, og handtert fakta i saka annleis, så ville det vore mogleg å koma fram til ei god løysing i Fusa også.

- Slik situasjonen er i dag, verkar skulestrukturdebatten splittande for kommunen. Nokre bygder har faktisk gått til det skritt å søkja om å få etablera privatskular. Det er eit teikn på at politikarane ikkje har handtert saka slik dei burde. Det er politikarane si oppgåve å koma fram til løysingar som fungerer, seier Bjørndal.

Hålandsdølen står på 20. plass på Senterpartiet si liste til kommunevalet.

- Skjer ingenting

Det er ikkje meir enn to år sidan skuledebatten vart sett på dagsorden i Fusa sist. Den gongen var det tre skular som stod i fare for å verta nedlagde: Strandvik, Holdhus og Fusa.

Som ein konsekvens av debatten søkte initiativtakarar frå Strandvik og Holdhus om å få oppretta privatskular i dei to bygdene. Strandvik Vekst AS vart godkjent frå hausten 2014, Hålandsdal Vekst SA frå året etter.

- Eg aksepterer at det finst politiske parti i Fusa osm ønskjer å endra strukturen. Problemet er at saka aldri har vore handtert på ein skikkeleg måte. Det er veldig mykje prat, men så skjer ingenting. Det er umogeleg å forhalda seg til noko slikt, seier Bjørndal.

Han meiner det naturlege i ein slik prosess ville ha vore å gå i dialog med dei ulike bygdene. Det gjeld ikkje berre politikarane, men også administrasjonen i Fusa kommune, ifølgje Bjørndal.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei burde ha spurt oss kva vi er uroa for, og kva dei som politikarar kan gjera for å unngå det.

- Eg trur at dersom politikarane hadde handtert skulesaka annleis, så ville saka ha vore avslutta for fleire år sidan, seier Bjørndal.

Delte meiningar

Kor mange som eventuelt kjem til å nytta privatskuletilbodet i Hålandsdal, veit ikkje Bjørndal.

- Innbyggjarane er nok delte, vedgår han.

- Nokre er prinsipielt mot privatskular, andre synest privatskular er ok, medan andre igjen synest det går greitt å senda borna på skule i Eikelandsosen. Dette er noko vi må arbeida med når den tid eventuelt kjem, seier Bjørndal.

Om det verkeleg vert privatskule i Hålandsdal må, ifølgje Bjørndal, vurderast ut frå alternativet som vert lagt i bordet.

- Det tek mykje tid og krefter å driva ein privatskule. På den andre sida har dei fått det bra til i Ølve. Der har engasjerte foreldre, tilsette og elevar gjort at skulen fungerer suverent, seier Bjørndal om Ølve Montessoriskule.

«Os og Fusaposten» har vore i kontakt med dagleg leiar og styreleiar for Strandvik Vekst AS, Hilde Dalland Angelskår. Ho ønskjer ikkje å uttala seg i saka anna enn at innbyggjarane i Strandvik i utgangspunktet er for ein offentleg skule i bygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dersom politikarane gjer vedtak om å leggja ned skulen, må vi eventuelt sjå på andre alternativ, seier Angelskår.

Endå ein søknad

I vår vart det klart at endå ei Fusa-bygd har søkt Utdanningsdirektoratet om å få etablera privatskule. Dermed er Fusa med sine 3.838 innbyggjarar den kommuen i Hordaland som har søkt om å få etablera flest privatskular dei to siste åra.

- Med tett dialog med bygdene, ville vi fått eit anna resultat enn det vi har no, trur Bjørndal.

Nore Fusa Vekst SA sin søknad er framleis under handsaming. Først eitt år etter at søknaden er sendt inn, vert avgjerda frå Utdanningsdirektoratet teke.

Steinar Berland er dagleg leiar og styreleiar for Nore Fusa Vekst SA. Han er per dags dato kommunestyrerepresentant for Høgre, og står på 22. plass (sisteplass) på lista til Fusa Høgre i kommunevalet.

Det har ikkje lukkast «Os og Fusaposten» å koma i kontakt med Berland.

Bjørndal på sin side har liten tru på at skulesaka vert løyst denne gongen heller. Om tre år går godkjenninga til Hålandsdal Vekst SA ut.

- Kjem de til å søkja på ny dersom ein ikkje har fått ei avklaring på skulesaka om tre år?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det må vi vurdera når den tid kjem. Det som er så rart er at det er ei vanvittig dugnadsand og engasjement i dei ulike bygdene i Fusa. Tenk om vi kunne ha nytta det til noko positivt i staden, seier Bjørndal og legg til:

- Kva skjer med engasjementet når ein føler at ein ikkje vert høyrt i ei sak som er viktig for deg? Kva negative konsekvensar får det for kommunen? Det viktigaste no er at vi vert ferdige med debatten. At vi kan byrja å debattera noko anna enn skular.

Dersom politikarane hadde handtert skulesaka annleis, så ville saka ha vore avslutta for fleire år sidan.