Ordførar Atle Kvåle og tenesteleiar Jorunn Gjøen sa i samband med overrekkinga av medaljen at Edel har vore ein god og lojal kollega som alle har sett stor pris på.

Heider og medalje til Edel Margrethe

Edel Margrethe Andersen har fått Norges Vel sin medalje for lang og tru teneste etter meir enn 30 år som tilsett i Fusa kommune.

Utdelinga fann stad under eit samkome på Baldersheim helsetun.

Ordførar Atle Kvåle og tenesteleiar Jorunn Gjøen sa i samband med overrekkinga av medaljen at Edel har vore ein god og lojal kollega som alle har sett stor pris på.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Gjennom arbeidet sitt i heimetenestene har ho skapt ein trygg og god kvardag for brukarane ho har besøkt, skrytte ordførar og tenesteleiar.

Fusa kommune ønskjer henne alt godt vidare i ein ny kvardag som pensjonist, heiter det i ei pressmelding frå kommunen.

jostein@osogfusa.no