Harry Moore, Vegard Skeie og Lars Hadler-Olsen.
Harry Moore, Vegard Skeie og Lars Hadler-Olsen.

Heidra russehusgutane på gymnaset

Sist onsdag vart dei kåra til beste ungdomsbedrift i Hordaland. Måndag vart «Russehuset»-gutane heidra med kake.

Vegard Skeie, Lars Hadler-Olsen, Harry Moore og Alexander Tøssebro i Russehsuset forsynte seg grovt av prisane som vart delte ut då Ungt entreprenørskap inviterte til fylkesmesse for ungdomsbedrifter på Amalie Skram videregående skole sist onsdag.

– Eg må seia eg er stolt over gutane. Dette er første gong at skulen når opp i ein slik konkuranse. Då må me få lov til å feira litt, seier rektor ved Os gymnas, Trond Eikeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måndag var han med på å heidra russehus-gutane og resten av gjengen i entreprenørskap-faget i andre klasse.

Lærar Anne Kristin Dale var strålande nøgd med innsatsen.

– Me hadde sju firma representerte under fylkesmessa. Samtlege firma hadde laga fine stands og gjorde ein god innsats, men desse fire gutane i «Russehuset» utmerka seg jo litt ekstra. Det er ikkje kvar dag elevar frå skulen vår når opp i ein slik konkurranse. Slikt må ein sjølvsagt feira, sa Dale.

Også resten av elevane ved entreprenørskapsfaget fekk sjølvsagt smaka på Russehuset-kaka.
Også resten av elevane ved entreprenørskapsfaget fekk sjølvsagt smaka på Russehuset-kaka.
«Russehuset»-logoen måtte sjølvsagt på kaka.
«Russehuset»-logoen måtte sjølvsagt på kaka.

Tru på prosjektet

I konkurranse med 70 andre ungdomsbedrifter tok kvartetten frå Russehuset to førsteplassar, ein andreplass og ein tredjeplass.

– Eg er ikkje overraska over at dei markerte seg så sterkt som dei gjorde. Dette er eit prosjekt eg har stor tru på. Eg trur til og med at dette kan bli leveveg for gutane, om dei spelar korta godt i tida som kjem, skryter rektor Eikeland.

Russehuset vann førsteplass i klassen for «Beste ungdomsbedrift» og «Størst verdiskapingspotensiale». I tillegg tok dei andreplass i klassen for «Samarbeid med næringslivet» og tredjeplass i kategorien for «Beste marknadsføring».

– Me hadde gode forhåpningar før messa, men at det skulle gå så bra som det gjorde, var meir enn me hadde våga å håpa på, seier Vegard, Lars og Harry.

Fjerdemann, Alexander, var ikkje til stades då gutane vart feira på måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor marknad

Før gutane fekk æra av å spretta den innkjøpte kaka med «Russehuset»-logo som pynt, vart dei oppfordra til å fortelja litt om firmaret.

– Korleis starta det heile?

– Det starta med at fetteren min, Isak Skeie, fortalde at det både var dyrt og styrete å skaffa seg russedrakt og andre russeeffektar. Ettersom me har foreldre som er i bransjen der ein kan impotera varer frå Kina, byrja me å sjå på kva pris me kunne få for den slags produkt i Kina. Kort tid etter var ungdomsbedrifta eit faktum, fortel Vegard.

– Du fekk med deg nokre kompetente kompisar?

– Ja, Harry har fått ansvaret for økonomidelen. Han har ei mor som kan ein del om det, og han lærar litt av ho. Alexander er flink på sosiale medium og kan snakka for seg, så han er blitt marknadsansvarleg. Sjølv er eg flink til å ha orden og følgja opp prosessar som eg set i gang. Dermed passa det bra at eg vart produktansvarleg, fortel Skeie junior.

– Og Lars då?

– Du, eg er dagleg leiar. Eg er myndig og tek ansvaret. Ein må jo halda dei tre andre i øyrene, skjemtar unge Hadler-Olsen.

Rimelegare produkt

Til sommaren får gutane 400 russedraktar som er tenkt til første salsrunde. Vidare tenkjer dei å auka på i volum litt etter litt, alt etter korleis det går.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må jo kjempa mot «Russedress» og «Russeservice» som har hatt monopol på denne marknaden i ei årrekkje, men me skal klara å levera produkta både rimelegare og raskare, så får me håpa at russen sjølve vil nytta oss, seier Lars.

– De er russ sjølv neste år?

– Ja, og litt difor tenkte me at det passa fint å starta innsalget av produkta til den tid, seier Harry.

– Det er ikkje berre russedrakter de skal selja?

– Nei, det blir russegensarar, russekort, russebukser og anna. Men me får ta litt etter litt, seier Vegard.

– Slik tenkjer de marknadsmessig også?

– Ja, me ser for oss å ta ein del av marknaden i Bergen og omegn no i første rekkje. Deretter Vestlandet, før me håpar å ta andelar også elles i landet etter kvart, seier Hayrry.

– Kan det bli leveveg for dykk etter at de er ferdige med gymnaset?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det skal ein ikkje sjå bort frå. Me fire er i alle høve motiverte for å satsa, seier Vegard.

Rektor Eikeland trur ikkje han er for ambisiøs.

– Slett ikkje. Ideen er veldig god og marknaden stor. Eg ser ikkje bort frå at desse gutane har skaffa seg ein jobb for mange år framover, smiler rektor Eikeland.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no