Mange fortel at dei vil vekk frå Borgafjell barnehage.
Mange fortel at dei vil vekk frå Borgafjell barnehage.

Heile FAU ved Borgafjell barnehage trekkjer seg

14 tillitsvalde ved barnehagen trekkjer seg no frå sine verv på grunn av situasjonen i barnehagen.

Leiar av FAU, Anders Fløysand, stadfestar at han og dei andre tillitsvalde legg ned verva.

– Eg trekk meg frå vervet på bakgrunn av situasjonen, seier Fløysand. Han ønskjer ikkje å kommentera saka ytterlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os og Fusaposten er også i kontakt med dei andre tillitsvalde, som stadfestar at dei også har trekt seg.

– Eg har også trekt meg frå SU/FAU med umiddelbar verknad. Eg har ingen kommentar utover det, seier Kristian Thyholdt. Også Ann-Cathrin Wedøe, Anette Mo, Iselin Alfheim og ei rekkje andre personar har stadfesta at dette dreier seg om ei felles nedlegging av verva. Daniel Yuvial seier at han seier opp sitt verv i dag, onsdag.

Samarbeidsproblem

Tidlegare FAU-medlem Erlend Moberg forklarer bakgrunnen for hans val om å seia frå seg vervet.

– Grunnen er situasjonen på enkelte avdelingar med utstrakt vikarbruk. Eg opplever det som uforsvarleg, seier Moberg.

Fleire av dei tidl. FAU-representantane seier at det også dreier seg om samarbeidsproblem med leiinga etter kvart som problema i barnehagen har blitt kjent.

ol@osogfusa.no