Torgeir Lunde & co kom litt til kort mot storvekste Nest-Sotra-spelarar, men det unge Os-laget gav aldri opp og yppa seg etter pause.
Torgeir Lunde & co kom litt til kort mot storvekste Nest-Sotra-spelarar, men det unge Os-laget gav aldri opp og yppa seg etter pause.

Heilhjarta innsats av ungt mannskap

Dei fekk ein hard leksjon i vaksenfotball det unge Os-laget onsdag. Men etter kvilen manna dei seg opp og var nær ved å gje Nest-Sotra reell kamp om cup-avansementet.

For å gjera 90 minutt med førsterunde-fotball på Kuventræ til ei kort historie. Nest-Sotra var best og hadde små problem med å ta seg vidare til andre runde i cupen. Dei kamuflasje-grøne brukte tre minutt på å ta leiinga, og la like gjerne på til 2-0 før 11 minutt var passert. Nett då såg det ut til å bli ein svært så stygg affære for Os.

Det var eit svært ungt og uerfarent Os-mannskap som starta kampen. Med tanke på det tette serieprogrammet lot Hassan El Fakiri både Rafael Villen, Marius Mikkelsen og Erik Kanestrøm få kvila. I tillegg var ein kapasitet som Ole Martin Kolskogen på benken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter kampen fekk Os-veteran Torkel Hjertnes spørsmål om Os nedprioriterte cupen. Svaret hans var eigentleg ikkje til å ta feil av.

– Nei, me nedprioriterer ikkje cupen, men serien er viktigare...

Yppa seg etter kvilen

Nest-Sotra spelte nærast five-a-side-fotball med Os før kvilen, men etter pause var det som om 2. divisjonslaget hadde innkassert sigeren og gjekk for halv maskin. Då byrja Os å vakna.

Bjarte Haugsdal var imponert over Knut Spanglo Haga og dei andre Os-gutanes kjappe ballspel og oppmoda dei om å halda fram med det.
Bjarte Haugsdal var imponert over Knut Spanglo Haga og dei andre Os-gutanes kjappe ballspel og oppmoda dei om å halda fram med det.

– Me var gode ei stund etter kvilen. Berre så synd at Nest-Sotra skåra like etter me øyna håpet, sa Marius Mikkelsen frå sidelinjen.

Då hadde han nett sett Thomas Lunde Fosen setja inn 1-2-målet, før han såg storskårar Alexander Dang leggja på til 3-1 for Sotra-laget knappe minuttet etter.

Men det var uansett i denne perioden av kampen at me såg konturen av kva som bur i det unge Os-mannskapet. Anført av alltid offensive Knut Spanglo Haga, duracell-kaninen Torgeir Lunde og ein svært så akslerasjonssterk Øystein Takle Eide var det tilløp til fleire Os-skåringar. Dessverre kom dei aldri.

I staden sette Gaute Vetti spikaren i kista med si 4-1-skåring kring ti minutt før full tid.

Roste unggutane

Nest-Sotra-kaptein Bjarte Haugsdal roste etter kampen unggutane på moderklubbens lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– De må berre halda fram med å spela god, hurtig fotball langs bakken. Det er det som er moro og utviklande, sa Haugsdal til Spanglo Haga då han takka han for kampen.

Laurdag er det ny heimekamp for Os. Då kjem Fjøra på besøk. Om alt går som Fakiri ønskjer, får han også litt meir muskelkraft til den kampen, for strengt tala var det der det skorta mest på onsdag.

Os - Nest-Sotra 1-4 (0-2)

Slik starta Os: Anders Fossen Lunde - Torkel Hjertnes, Divaldo Cardoso, Adrian Valle, Knut Spanglo Haga - Aleksander Tøssebrø, Torgeir Lunde, Thomas Lunde Fosen, Glenn Krossøy - Øystein Takle Eide, Anders Havsgård.

Beste Os-spelarar: ***Øystein Takle Eide, **Torgeir Lunde, *Divaldo Cardoso.