Sanitetskvinnene frå Nore Neset gjer mange gode gjerningar, men når det kjem til fastelavensbinding har dei ein noko ukjent side.
Sanitetskvinnene frå Nore Neset gjer mange gode gjerningar, men når det kjem til fastelavensbinding har dei ein noko ukjent side.

Heit, herleg hitparade

Når den beste revygjengen i Os samlar sitt beste stoff frå dei ni siste åra blir det knall. Nor og Né-gjengen serverer ein festframsyning med revy nummer 10.

Dei var nok gjennom ein tøff utvelgjingsperiode før årets revyframsyning manifisterte seg, men etter godt og vel to timar i Symrasalen fredag kveld er det berre å meddela at Nor og Né lukkast til fulle. Årets revy er ein hitparade vel verd å få med seg. Nær sagt ein revy dei med god samvet kunne servert i bygdas største storsal, Oseana.

Rutinert gjeng

Sant å seia har dei bomma litt og skote litt utanfor i åra som er gått, men trenden har vore at dei med åra har levert betre og betre revyar. Med årets samlerevy har  dei fått med seg samtlege av dei beste nummera frå dei føregåande ni åra. Når dei i tillegg krydrar med herleg aktuell satire i eit par nyskrivne sketsjar vert det full pott frå denne meldar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjente og kjære glansnummer

Det startar med den legendariske hyllesten til Nore Nesets flotte Sanitetskvinner. Innslaget som første gong vart vist i 2010 fekk fredagens publikum til å dra fram trampeklapp-takten med ein gong.

Sidan fekk me eit artig og nyskrive attsyn med djevelen i Thomas Helgesens skikkelse og Jan Helge Corneliussens langskjeggete utgåve av Gud. Her diskuterer dei kven som skal ha æra for alt som har skjedd i Os dei siste ti åra.

Djevelen tar glatt æra for at Hordfast-brua framleis er aktuell. Gud meiner å ha æra for at fusingane snart skal inn i storkommune med osingane.

Helgesens herlege Aurora-hyllest tok heilt av under premieren fredag.
Helgesens herlege Aurora-hyllest tok heilt av under premieren fredag.
Gjennbruk kan vera så mangt. Her er eit eksemplar frå 1985 henta frå utestaden Solsiden.
Gjennbruk kan vera så mangt. Her er eit eksemplar frå 1985 henta frå utestaden Solsiden.
Gud og djevelen har stadig sine møter kring kven som skal ha æra for alt som skjer i Os. I årets framsyning kjem konane også inn i bilete.
Gud og djevelen har stadig sine møter kring kven som skal ha æra for alt som skjer i Os. I årets framsyning kjem konane også inn i bilete.
Jan Ingolf Lyssand i Thomas Helgesens framtoning er eit populært innslag i Symrasalen.
Jan Ingolf Lyssand i Thomas Helgesens framtoning er eit populært innslag i Symrasalen.
Stordabandet Boyane er sjølvsagt tilbake i bydda og byr på ein særs fengjande hitparade.
Stordabandet Boyane er sjølvsagt tilbake i bydda og byr på ein særs fengjande hitparade.
Årets nye ordførar har fått ein særs ivrig varaordførar.
Årets nye ordførar har fått ein særs ivrig varaordførar.
Pål Heimtoft vert offer for ein hypnosefrika buktalardukke i Jan Helge Corneliussens skikkelse.
Pål Heimtoft vert offer for ein hypnosefrika buktalardukke i Jan Helge Corneliussens skikkelse.

– Du har no alltid hatt eit hjarte for dei svake i samfunnet, kommenterer djevelen tørt til Gud.

Lokale heltar

Ein treng ikkje ha sett dei føregåande revyane for å ha glede av årets, men det skadar ikkje om ein har litt kjennskap til enkelte personar frå Nore Neset.

Jan Ingolf Lyssand kjem stupande inn i eit nummer om mornings-helsing på Meny, og stadig like populære Brynjar Øvstedal er sjølvsagt også med.

Og om du ikkje kjennar ovanfornemnde, så har du kanskje høyrd om Aurora. I form av høgreiste Thomas Helgesen får me også i år helsa på Auroras ukjende fetter Roar Aksnes. Han springer gjennom Os til publikums store begeistring.

Moro allsong

Litt allsong vert det også. Troikaen Susan Askvik, Irene Ullensvang og Stine Fristad Teigen gjev oss nokre frekke variantar av klassiske kjente viser. Elles må nemnast at det "kjende" gutebandet Boyane frå Stord også denne gongen finn vegen til Symrasalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pål Heimtoft dreg den gamle Elvis-hitten om livet på Esson etter klokka fire, og Jan Helge Corneliussen hyllar Kygo med blokkfløyte-nummeret sitt. I tillegg viser Robert Haugetun herlege munnspel-taktar med sin gjennbruksversjon av Billy Joels «Pianoman».

Det er i det heile veldig mykje bra å få med seg for dei som har tenkt seg på ein av dei tre neste framsyningane i Symrasalen. Det einaste men-et er at ein må setja av litt tid. Årets framsyning varar i over to timar. Det er rekordlangt, men kanskje ikkje så rart når ein kreativ gjeng som denne skal ta med det beste frå ni foregåande gode år.