Christoffer Hafsås gjorde som i vårkampen mot Haugesund og putta på med eitt mål mot dei kvitkledde.
Christoffer Hafsås gjorde som i vårkampen mot Haugesund og putta på med eitt mål mot dei kvitkledde.

Heldt Haugesund 2 bak seg

I ein time og sju minutt leidde Os 1-0 borte mot Haugesund 2. Utlikninga var sur, men osingane unngjekk i det minste tap og held dermed haugesundarane bak seg.

Det vart ein dramatisk runde i Norsk Tippeliga-avdelinga laurdag. Os visste på førehand at dei ville møta eit tøft og toppa Haugesund 2. Adrelaget til Måkeberg-folket er nemleg verkeleg i poengnaud om dei skal berga plassen i divisjonen. Med siger vill Haugesund 2 passert Os og sendt Kuventræ-gutane under streken. Det klarte osingane å unngå.

Os tok leiinga i det 18. minutt ved Christoffer Hafsås, etter pasning frå Knut Spanglo Haga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter dette kriga altså osingane det dei var gode for og tviheldt på leiinga. Sjølv ikkje då dei fekk straffe i mot, let dei Haugesundarane få mål. Keeper Thomas Hille redda meisterleg og forsterka osingane i trua på at dei kunne få tre poeng med seg heim. Dessverre fekk Haugesund 2 mål i det 85. minutt. Dermed enda kampen 1-1.

Heltmodig innnsats

– Det var surt å få 1-1 i trynet like før full tid, men uavgjort her var nesten like bra som siger. No heldt me haugesundarane bak oss på tabellen. Det var det viktigaste, konstaterer assistenttrenar for Os, Ørjan Håland.

Han er strålande nøgd med innsatsen til gutane.

– Me møtte eit særs toppa Haugesund 2-lag med heile 9 eliteseriespelarar. Dette er det verste med desse 2-arlaga. Det blir urettferdig når dei kan stilla med så ulike lag, men men. Me sto no imot, og gutane viste heltmodig innsats. Det var kjempemessig jobbing over heile linja, seier Håland.

Dommarane var han ikkje like nøgde med.

– Det var veldig veldig ukonsekvent. Me hadde ei kjensle av at heile krinsen i Haugesund gjorde sitt for at Rogaland skulle få halda Haugesund 2 i divisjonen. Det såg ikkje bra ut det dommarteamet gjorde. Faktisk var det så mykje dømjing i favør heimelaget, at me vurderar å senda inn protest, seier Håland.

– Korleis ser du no på dei to siste rundane?

– Det blir spennande. Men Haugesund 2 kan ikkje stilla like godt lag borte mot Brattvåg neste helg, så dei får det tøft. Sjølv har me alle moglegheiter til å ta poeng borte mot Aalesund. Klarar me det, ser alt ganske bra ut for oss, avsluttar Håland.