Skuletomta ligg på Hjelle, like vest for Borgafjell barnehage.
Skuletomta ligg på Hjelle, like vest for Borgafjell barnehage.

Her kjem den nye skulen

I 2019 kan her stå klart eit nytt oppvekstsenter med skule, barnehage, gymbygg og fotballbane på Hjelle.

Etter forhandlingar med grunneigar, har Os kommune nådd fram til ein avtale om kjøp av den 33 dekar store tomta som ligg like vest for Borgafjell barnehage. Torsdag la ordførar Marie Bruarøy nyhendet.

– Dette er ein gledens dag. Dette blir eit løft for alle bebuarane på Hjelle og i området elles. Det bur mange born i området, og dei vil få ein kjempefin skuleveg, seier ordføraren til Os og Fusaposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre parallellar på sikt

I første omgang er det ein to-parallellar-skule som skal byggjast. Men det vil bli lagt til rette for at skulen kan romma ein parallell til på sikt.

– Me er nøydde til å tenkja framtidsretta, og på området som heilskap. Her ser me at me får eit oppvekstsenter med barnehage like ved (Borgafjell), og det vil dessutan bli gymbygg og fotballbane. Her er det ein totalitet som vil bli god for heile området, seier ordføraren.

Dette er ein gledens dag. Dette blir eit løft for alle bebuarane på Hjelle og i området elles. Det bur mange born i området, og dei vil få ein kjempefin skuleveg.

Borgafjell barnehage blir ein del av eit større oppvekstmiljø når nye skulen står ferdig.
Borgafjell barnehage blir ein del av eit større oppvekstmiljø når nye skulen står ferdig.
Dei mange ungane i det nye byggjefeltet på Hjelle får kort skuleveg.
Dei mange ungane i det nye byggjefeltet på Hjelle får kort skuleveg.

Ny kunstgrasbane

Noko av meirverdien kjem også den lokale idrettsklubben Jadakameratene til gode. Dei brukar per i dag grusbanen nedom Os barneskule til fotball, men kan no få høve til å bruka banen som vil bli etablert i samband med den nye tomta.

– Me har jo andre planar for grusbanen dei nyttar i dag, blant anna er det regulert til parkeringshus. Difor er det kjekt å kunna tilby ei god erstatning også for dei, seier Bruarøy.

Vidare planlegging

Det er mykje som enno står att av planlegging. Tomta er regulert til LNF i dag, så det første som må plass er ei omregulering. Marie Bruarøy har god tru på at dei skal få gjennomslag for dette hjå Fylkesmannen.

– Då me bad om eit møte for å diskutera dette, var beskjeden at det ikkje var naudsynt. Det var berre å gå i gang med reguleringa. Det tolkar me som eit positivt signal, seier ho.

– Kor vil krinsgrensene gå i framtida? Kven skal gå på Os barneskule og kven skal gå på den nye skulen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er noko av det me må finna ut av. I formannskapet på tysdag blir det sett ned eit nytt adhoc-utval som blant anna skal sjå på krinsgrenser, seier ordføraren.

Kostnadsramma er heller ikkje klar, men 125 mill. kroner har vore estimert tidlegare.

– Kva tid kan skulen stå ferdig, trur du?

– Det kan kanskje bli ein tøff tidsfrist å nå, men i utgangspunktet er planen at han skal stå ferdig i 2019. Og då er det jo naturleg å ha han klar til skulestart.

Avtalen med grunneigarane

Grunneigarane som Os kommune har inngått ein avtale med får 150 kr per kvm. For den 33 dekar store tomta får dei dermed 4,95 mill. kroner. I tillegg får dei erstatning frå kommunen då dei må slutta med hestedrifta dei har på området i dag.

– Dei har høve til å driva med drift av hest vidare, men ikkje akkurat på denne tomta. Sidan dei får mindre areal til dette, er det naturleg at dei får ein kompensasjon for den ulempen, seier Bruarøy.

På den delen av tomta Os kommune ikkje treng i første omgang, får grunneigarane dessutan leiga arealet vederlagsfritt.

ol@osogfusa.no