Onsdagens stemne var eit såkalla karusellstemne – eit stemne der alle friidrettsutøvarar i Hordaland står fritt til å delta.
Onsdagens stemne var eit såkalla karusellstemne – eit stemne der alle friidrettsutøvarar i Hordaland står fritt til å delta.

Herleg stemning på Kuventræ-stemne

Onsdag arrangerte Os Friidrett karusell-stemne på Kuventræ. Stemninga var super.

– Det har vore ein veldig fin sesong for gruppa vår. I år har me arrangert fire stemne her på Kuventræ, og dagens gode frammøte viser at stadig fleire finn vegen, seier leiar i fridrettsgruppa til Os Turn, Bjørn Michelsen.

Fullverdig anlegg

Det vart smått med stemne etter opninga sommaren 2015. Ein del feil på anlegget gjorde sitt til at friidrettsgruppa ikkje fekk arrangera offisielle konkurransar. Det er det no blitt ein orden med.

Artikkelen held fram under annonsen.

I forkant av årets sesong fekk anlegget ny bane for høgdehopp og stavsprang, og med det nye kasteburet på kasteområdet sør for løpebanen, er friidrettsanlegget på Kuventræ no meir eller mindre komplett og meir enn godt nok til å arrangera stemne på.

60-70 ivrige

Onsdagens stemne var eit såkalla karusellstemne – eit stemne der alle friidrettsutøvarar i Hordaland står fritt til å delta.

– Det er andre gong me arrangerer karusellstemne i år, og i dag har me 60-70 deltakarar. Det er me veldig nøgde med, seier Michelsen.

På stemnet vart det konkurrert i kule, spyd og 60- meter. Svært mange av deltakarane var nybyrjarar eller rimeleg ferske i gamet.

– Slike stemne er veldig fine for nybyrjarar. Her er det full innsats og topp stemning, seier trenar i Os Friidrett, Jan Borgen.

Går for gull

Den mangeårige trenaren var startar for 60-meter-løparane onsdag. Helga 7.-8. oktober skal han sjølv i aksjon på heimebane.

– Då er det KM for veteranar her på Kuventræ. Det er årets siste stemne her.

– Og då går du for gull i alt du deltek i?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg må vel vera såpass ærleg å seia at det er målet, ja, humrar Borgen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no