Gjengen på Nore Neset 07 øvd gav jernet mot Bønes og klarte nesten å karra seg til uavgjort. Jentene jubla likevel for god innsats.
Gjengen på Nore Neset 07 øvd gav jernet mot Bønes og klarte nesten å karra seg til uavgjort. Jentene jubla likevel for god innsats.

Heroisk innsats mot tøff motstandar

Nore Neset kom tidleg bakpå mot sterke Bønes, gav aldri opp og gav bergensarane kamp til døren.

Det er ein god gjeng med 07-ar-handballjenter på Nore Neset IL. Laurdag var fleire av dei i aksjon på heimebane i Nore Neset Aktivitetshus.

– Me har totalt 30 spelarar på dette alderstrinnet. Gjengen er difor delt inn i tre lag, forklarar trenar Stein Torsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

I lag med Sirianne Dalseide og Kristian Bruarøy er det han som har ansvaret for dei mange spelarane.

– Det er ei utruleg kjekk gjeng, og så går dei så godt i hop alle saman, legg Sirianne Dalseide til.

– Ja, dei er  godt samansveisa sjølv om dei kjem frå ulike stadar i Os. På dette alderstrinnet har me spelarar frå Strøno, Lunde, Lepsøy og sjølvsagt Nore Neset, seier trenar Torsnes.

Trenar Stein Torsnes førebuar 07-jentene til kampen mot Bønes i Nore Neset Aktivitetshus.
Trenar Stein Torsnes førebuar 07-jentene til kampen mot Bønes i Nore Neset Aktivitetshus.
Nora Sofie Skåtøy Kvernes var blant dei på Nore Neset øvd som klarte å overlista Bønes sin gode keeper.
Nora Sofie Skåtøy Kvernes var blant dei på Nore Neset øvd som klarte å overlista Bønes sin gode keeper.

Fokus på forsvar

Då Os og Fusaposten var innom idrettshallen på laurdag skulle det øvde lagetl i aksjon mot Bønes. Alt før kampen gjekk praten om den sterke motstandaren.

– Dei har ei sjukt høg keeper, kviskra eit par av Nore Neset-jentene.

– Ja, og dei er veldig gode i forsvar, la ei anna jente til.

Men trenar Torsnes fekk dei fort på betre tankar.

– No skal me prata om oss sjølv. I dag skal me ha fokus på tett og godt forsvarsspel, der me flyttar beina raskt. I tillegg skal me vera raske og ta pådrag i angrep. Når det kjem til keeparen deira, vil eg anbefala dykk å skyta nede, sa Torsnes før jentene gjekk til kamp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heldt godt følgje

Framfor ein fullsett tribune fekk dei blåkledde vist at forsvarsspelet sat. I angrep vart det litt meir stong-ut, og litt mykje keeper. Men sjølv om jentene tidleg kom under, klarte dei å bita seg fast. Til pause låg dei under med eitt mål.

Etter kvilen var det tydeleg at Bønes hadde litt fleire strengar å spela på i angrep. Nore Neset-spelarane var noko reserverte, skåra eit par flotte mål, men måtte til slutt tola tap 9-7.

– Det var knallbra innsats jenter. De gjer dykk ikkje og står på til slutt. Kjempeflott, skrytte Torsnes og Dalseide til jentene etter kampen.

Til lokalavisa sa jentene dette.

– Bønes hadde spelt ein kamp tidlegare i dag. Dette var vår første. Når me blir varme skal me spela betre. Det skal neste motstandar få merka.