Hissig mann hissa på seg politiet natt til søndag. (Arkivfoto)
Hissig mann hissa på seg politiet natt til søndag. (Arkivfoto)

Hissig mann fekk marsjordre

Mann i 40-åra fekk pålegg om å halda seg vekke frå bustad i Os sentrum.

Ein hissig mann fekk natt til søndag pålegg frå politiet om å fjerna seg frå ein bustad i Os sentrum.

Vedkomande hadde opphald der, men var ikkje lenger ynskt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ingen born involvert i saka.

Utpå dagen fekk politiet melding om at mannen, som er i 40-åra, hadde dukka opp att. Han vart då pågripen og sett i arresten.

Mannen er meld til politiet.

Mindre slagsmål

Same natt har det vore eit slagsmål inne på ein utestad i sentrum.

Vaktene greidde sjølv å ordna opp, men melde frå til politiet slik at dei kunne vera obs på to personar i «dårleg humør»-

anne-marie@osogfusa.no