I fjor måtte dei skjerpa seg på hausten for ikkje å rykkja ned. I år er Fjord’n-gutane blitt vårlaget som fører an i 6. divisjon avdeling 03. Her frå før heimeoppgjeret mot Mann.
I fjor måtte dei skjerpa seg på hausten for ikkje å rykkja ned. I år er Fjord’n-gutane blitt vårlaget som fører an i 6. divisjon avdeling 03. Her frå før heimeoppgjeret mot Mann.

Historisk god start av Fjord`n-gutane

Med 4-2-siger over Mann onsdag toppar Eikelandsfjorden 6. divisjon avdeling 03.

Dei raudkledde har hatt ein fenomenal start på sesongen. På denne tida i fjor hadde dei knapt teke poeng og låg på klar nedrykksplass. I år toppar dei tabellen med 13 poeng – fire sigrar og ein uavgjort på dei fem første kampane.

Solid heimesiger

Slik oppsummerte Fjord`n-trenar Fredrik Andersen onsdagens kamp mot Mann til gutane sine: «Toget går og me sit framleis godt plasserte på første klasse. No må me berre halda flyten. Den som opna ballet onsdag var nysigneringa Tor Erik Kjosås Berge. Han skrudde ballen lekkert i lengste etter ein pasning frå Erlend og ordna 1-0. Dessverre utlikna Mann berre minutt etterpå, før Stian Tonning-show starta. Etter tre mål frå han kan me slå fast at årets mest komfortable siger var eit faktum».

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokaloppgjer mot Norheimsund

Eikelandsfjorden spelar sin sjette kamp alt i morgon (fredag). Då er det borte mot Varegg 3, som er plasserte som nummer seks på tabellen. Om dei raudkledde gjer jobben mot bergensarane, står det om serieleiinga når Eikelandsfjorden tek imot Norheimsund til toppoppgjer heime neste fredag.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no