I årets NM tok Erling Holst Øyasæter bronse i HS singelsculler foran Olaf Tufte.
I årets NM tok Erling Holst Øyasæter bronse i HS singelsculler foran Olaf Tufte.

Historisk ro-medalje: Erling slo Olaf Tufte og tok bronse i NM

Erling Holst Øyasæter har hatt eit utruleg ro-år, Han har rodd verdscup for Noreg og i årets NM tok han bronse i HS singelsculler foran Olaf Tufte.

- Det er eit utruleg bra resultat. Bronsemedaljen er historisk som klubbens fyrste individuelle NM-medalje i HS tungvekts-singelsculler, fortel ein strålande nøgd rosjef, Eirik Vevatne.

Sterk innsats av alle

Vevatne er også stornøgd med NM-resultata til resten av roarane i Os Roklubb.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som var med i år var Bård Monsen, Lars Erik Jansen, Amund Bjørnevik, Erling Holst Øyasæter, Arne Hadler Olsen, Sigurd Hadler Olsen, Sindre Skotaam, Oddbjørn Gjerde, Lisbeth Vevatne, Erik Vaktskjold og Lars Eirik Vevatne.

Seniorane rodde singelsculler, dobbelfirar og åttar med styrmann og juniorane rodde singel- og dobbeltsculler.

Lars Eirik og Erik deltok i HJA dobbeltsculler. Målet for årets NM var å koma til finalen. Det klarte dei og dei kjempa lenge om 5. plassen. Til slutt vart det ein sterk 6. plass.

Lars Eirik og Erik deltok i HJA dobbeltsculler. Dei kjempa lenge om 5. plassen. Til slutt vart det ein sterk 6. plass.
Lars Eirik og Erik deltok i HJA dobbeltsculler. Dei kjempa lenge om 5. plassen. Til slutt vart det ein sterk 6. plass.
Her er årets åttar frå Os Roklubb - Erling Øyasæter, Bård Monsen, Arne Hadler-Olsen, Sigurd Hadler-Olsen, Amund Bjørnevik, Sindre Skotaam, Lars Erik Jansen og Oddbjørn Gjerde med Lisbeth Vevatne som cox.

Parallelt med NM gikk Christiania Roklubb jubileumsregatta. Her deltok Lars Eirik i HJB singelsculler der han kom på 2. plass i sitt heat i HJB 1X.
Parallelt med NM gikk Christiania Roklubb jubileumsregatta. Her deltok Lars Eirik i HJB singelsculler der han kom på 2. plass i sitt heat i HJB 1X.

- Klubben og utøvarane er svært nøgde med denne plasseringa med tanke på at Lars Eirik bare er førsteårs JB og Erik er førsteårs JA, kommenterer Vevatne.

Erik kjempa lenge om finaleplass i HJA singelsculler, men kom ikkje vidare.

Slått på målstreken

Klubben sin dobbelfirar med Bård Monsen, Erling Øyasæter, Sigurd Hadler-Olsen og Arne Hadler-Olsen var lenge med og kjempa om tredjeplassen i finalen, men blei slått på målstreken og enda på fjerdeplass.

I åttaren som er Os Roklubb sin største båt, rodde Erling Øyasæter, Bård Monsen, Arne Hadler-Olsen, Sigurd Hadler-Olsen, Amund Bjørnevik, Sindre Skotaam, Lars Erik Jansen og Oddbjørn Gjerde med Lisbeth Vevatne som cox.

- Dei rodde bra og kjempa lenge om finaleplass, men enda på 4. plass i forsøket og kom ikkje til finalen, rapporterer Vevatne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Parallelt med NM gikk Christiania Roklubb jubileumsregatta. Her deltok Lars Eirik i HJB singelsculler der han kom på 2. plass i sitt heat i HJB 1X.

- Resultata fra årets NM har gitt utøvarane motivasjon til å sjå fram mot NM 2019. Som rosjef er eg utruleg stolt over utøvarane sine presentasjonar i NM og det som klubben har oppnådd i denne sesongen, avsluttar Vevatne.

jostein@osogfusa.no