Seks hjartestartarar vart utdelt torsdag ettermiddag. To andre skal Ottar Randa og Pål Herland plassera i Os sentrum.
Seks hjartestartarar vart utdelt torsdag ettermiddag. To andre skal Ottar Randa og Pål Herland plassera i Os sentrum.

Hjarteleg gåve til idrettslaga i Os

I samband med 50-årsjubileet gjev Os Bygg og Eigedom AS seks hjartestartarar til idrettslaga i bygda.

Eigedom og bustadsutviklings-firmaet har lenge hatt klart for seg at dei ville gje noko tilbake til bygda i samband med det sitt føreståande jubileum. Etter litt idémyldring fann dei ut at dei ville gjera noko for tryggleiken på dei mange idrettsplassane i bygda.

- Me kunne sjølvsagt gjeve bygda ein skulptur eller noko anna fint som ville pynta opp, men etter å ha tenkt litt på saka, fann me ut at me heller ville gjera noko meir konkret for folket, seier Pål Herland i Os Bygg og Eigedom AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er sjølv ambulansesjåfør for Røde Kors Os, og veit til fulle kor stor hjelp det er å ha ein hjartestartar i nærområdet om ein person får hjartestans.

- Forsking viser at ein har 50 til 70 prosent sjanse til å overleva om ein får hjartestartar-hjelp innan 3-5 minutt. I så måte er det sjølvsagt viktig at me har hjartestartarar lett tilgjengeleg i krinsane våre i Os, seier Herland.

Skal hengja ute

Tysdag ettermiddag overrekte Herland og administrerande direktør i Os Bygg og Eigedom, Ottar Randa, seks hjartestartarar til ulike idrettslag i Os.

Totalt 13.500 kroner kostar kvar hjartestartar med ein tilhøyrande utandørs oppbevaringsboks. Boksen har alarm, og vil ula med ein gong nokon opnar han. Dette for unngå at folk opnar boksen utan at dei har bruk for det.
Totalt 13.500 kroner kostar kvar hjartestartar med ein tilhøyrande utandørs oppbevaringsboks. Boksen har alarm, og vil ula med ein gong nokon opnar han. Dette for unngå at folk opnar boksen utan at dei har bruk for det.

- Me valde å gje til dei største idrettslaga som driv med utandørsidrett, og som held til i område me har vore med på å bygga ut. Dei seks laga som får hjartestartarar er Søre Neset, Nore Neset, Os Turn, Øyglimt, Søfteland og Lysekloster, fortel Herland og Randa.

Med til gåva høyrer eit skap til å hengja opp utandørs.

- Me ha alle høyrt om tilfelle der ein person har fått hjartestans og nærmaste hjartestartar har vore innelåst. For å unngå dette har me kjøpt inn seks skap, som skal hengjast utandørs. Inni desse skapa skal hjartestartarane hengja fritt tilgjengeleg for alle, kommenterer Bygg og Eigedom-gutane.

- De er ikkje redde for hærverk, eller at nokon skal stikka av med apparata?

- Me får verkeleg håpa at folk i bygda har såpass respekt for desse maskinane at dei lèt dei få hengja i fred. Det er ein sjanse me er villige til å ta, seier Herland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Støttar Os Røde Kors

Os Bygg og Eigedom kjøpte også inn to hjartestartarar som dei vil ha i Os sentrum.

- Den eine vil me hengja her me har kontor i Smiegården. Den andre har me lurt på å hengja utanfor Libris i Torggården, fortel dei to.

Os Bygg og Eigedom AS kjøpte dei åtte hjartestartarane av Røde Kors Førstehjelp AS. Dei lét overskotet av salet for maskinane gå til det lokale Røde Kors-laget.

- På den måten støttar me også Os Røde Kors, slår Herland fast.

Stor fest i Oseana

Komande torsdag feirar det heileigde kommunale selskapet 50-årsjubileet sitt i Oseana.

- Då blir det stor fest med kring 60 inviterte gjester, seier Ottar Randa.

Han tenkjar at snittalderen vert noko høg.

- Me kjem til å ha med oss tre tidlegare ordførarar og tidlegare styreleiarar. Eg trur det blir fleire hjartelege gjensyn blant folk som ikkje har sett kvarandre på mange år, seier Randa.

Artikkelen held fram under annonsen.

På festen vert det også urpremiere på Os Bygg og Eigedoms ferske video frå områda i Os som dei har vore med på å utvikla.

Svært takksam

På Søre Neset får dei no sin andre hjartestartar. Gåva frå OBE kjem likevel som eit hjarteleg tilskot.

- Den andre me har er innelåst i klubbhuset. Denne nye skal me hengja opp på utsida ved inngangen. Me er svært takksame, seier leiar i Søre Neset IL, Bjarte Aarvik.