Evy Søfteland håpar at Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa vinn midlar slik at dei kan ta med seg familiar som ikkje sjølv har råd, på ferie i sommar.
Evy Søfteland håpar at Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa vinn midlar slik at dei kan ta med seg familiar som ikkje sjølv har råd, på ferie i sommar.

Hjelp til og Hjelpe treng di hjelp

Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa har meldt seg på ein konkurranse for å vinna midlar til å ta med seg familiar på tur i sommar.

BKK ønskjer å støtta tiltak som skapar energi i BKK sine eigar- og vertskommunar. For å kunna søkja om tiltak, må det vera noko som bring folk saman anten i deltaking eller som publikum. I juni skal dei dela ut midlar til 15 tiltak, og på lista over dei 25 nominerte, finn ein Hjelp til og Hjelpe. Dei søkjer om 25.000 kroner for å kunna ta familiar som ikkje har råd til sommarferie, med seg på tur til Mikkelparken.

– Eg fekk tips frå ein på Facebook om at vi burde søkja. Det har eg gjort. Vi er blant dei nominerte, og nett no ligg vi an til å få søknaden innvilga, men folk må berre røysta. Ein kan røysta ein gong kvar dag, fortel Evy Søfteland i Hjelp til og Hjelpe.

Artikkelen held fram under annonsen.

I skrivande stund ligg den lokale organisasjonen på femteplass.

Ingen utgifter

Om dei får tilskot, vil dei leiga buss og ta meg seg så mange familiar som dei får plass til.

– Ein kan røysta fram til 14. juni. Vi ser føre oss å reisa på tur i juni eller i juli, om vi er blant dei 15 som får midlar. Pengane skal dekkja heile turen. Familiane skal ikkje ha utgifter med reisa. Familieparken passar for heile familien. Difor har vi valt Mikkelparken, seier Søfteland.

Her kan ein gå inn og røyst:Sosial Energi.