Osingen Arne Søvik Larsen sine spesielle bilete vert lagt merke til. Ut denne månaden stiller han ut tre bilete på New York Art Gallery i USA.
Osingen Arne Søvik Larsen sine spesielle bilete vert lagt merke til. Ut denne månaden stiller han ut tre bilete på New York Art Gallery i USA.

Hobbyfotograf frå Os stiller ut i New York

– Eg trur ikkje det har gått heilt opp for meg kor stort dette er, seier Arne Søvik Larsen.

Han kjøpte seg kamera alt som liten gut. Oppvaksen på Oshaugen hadde han augo med seg og var stadig på jakt etter å foreviga augneblink.

– Eg har aldri vore ein sånn portrett-fotograf. Eg fell meir for det visuelle i ting, natur, form og farger, seier 58-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilfeldig oppdaga

Fotograferinga har heile vegen berre vore ein hobby, men no byrjar interessa å bli noko meir enn berre «sånn passe».

– Ein må jo tenkja at ein kanskje gjer noko bra når ein vert lagt merke til «over there», seier Larsen.

Via ein person som kikka på «Instagram»-sida hans vart han nemleg spurd om å stilla ut i kunstbyen og metropolen New York.

Arne Søvik Larsen har også foreviga Arne Mælands arbeid i Solheimsviken.
Arne Søvik Larsen har også foreviga Arne Mælands arbeid i Solheimsviken.
Dette er moment som ofte går att i Larsens bilete.
Dette er moment som ofte går att i Larsens bilete.
Ein noko dramatisk utgåve av Ivar Aasen tilhøyrer eit komande kunstprosjekt som Larsen held på med.
Ein noko dramatisk utgåve av Ivar Aasen tilhøyrer eit komande kunstprosjekt som Larsen held på med.

– Eg har berre tre bidrag på utstillinga, men etter det eg skjønar, er det ei gedigen utstilling. Dei hadde visst 2.500 besøkande på opningsdagen, fortel han.

Arne vedgår at det er spesielt.

– Me fekk ikkje høve til å reisa ned sjølv, men det hadde nok vore ei oppleving. Utstillinga er på New York Art Gallery. Ein rimeleg flott plass, tenkjer eg.

Utstilling i Bergen og Oslo

Her heime held han på med fleire biletseriar. Mellom anna éin kalla Ivar Aasen.

– Det er spesielle bilete. Verkelegheita kan vera kjedeleg, så eg jobbar ein del med bileta i etterkant. Det må til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har elles ein forkjærleik for eldre bilar, scooterar og nostalgiske ting. Mykje av dette går att i bileta.

– Blir det nokre utstillingar her heime med det første?

– Eg skal ha ei utstilling på Vox i Bergen no i desember. Dessutan jobbar eg med ei seperatutstilling i Oslo. Om det går som eg håpar, blir den i februar, slår fotokunstnaren frå Oshaugen fast.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no