Bortsett frå ein bråkete fest i Halhjemsmarka, har det vore ei roleg natt for politiet i Os.
Bortsett frå ein bråkete fest i Halhjemsmarka, har det vore ei roleg natt for politiet i Os.

Høg musikk og avskilting av bil

Medan du sov har det vore støy i Halhjemsmarka og avskilting av ein bil på Hatvikvegen.

Ein bil vart avskilta på staden under ein rutinekontroll på Hatvikvegen like før midnatt fredag kveld. Dette fordi det låg inne ei såkalla begjæring på køyretyet.

– Det kan bety manglande EU-kontroll, at bilen er seld, men ikkje omregistrert til ny eigar eller at den manglar forsikring, forklarer vakthavande ved Politiets operasjonssentral i Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt seinare på natta, rett før klokka tre, måtte politiet rykka ut til ein fest i Halhjemsmarka og be deltakarane dempa musikken. Noko dei etterkom.