annonse

Hordaland har fått kalde føter: Vil ha passasjerbetaling – i tillegg til Autopass

: Passasjerbetaling. Autopass skal ha gjort det dyrare for pendlarar. No vil Hordaland fylkeskommune innføra passasjerbetaling. Dette gjeld sambandet Hatvik - Venjaneset. (Foto: Arkiv)

Årsaka skal vera at Autopass har gjort det dyrare for dei mange pendlarane.

Benjamin Søgnen Olsen

Det er NRK som melder at ein no kan enda opp med fleire ulike betalingssystem på ferjene som bind saman Vestlandet.

Statens vegvesen har ansvar for ferjene på riksvegane. Innføringa av Autopass på riksvegferjer blei vedteke av Stortinget i Nasjonal transportplan for 2014–2023. Det er noko anna med ferjene som fylkeskommunen har ansvar for. Dei kan enda opp med andre betalingsløysingar. Fylkesvaraordførar i Hordaland, Pål Kårbø (KrF), seier til NRK at årsaka til at Hordaland har fått kalde føter, er tilbakemeldingar frå fleire øykommunar.

– Pendlarane får det dyrare med den nye ordninga, seier han til NRK.

Meiner at dette er uheldig

Med fleire passasjerar i bilen, gjer Autopass ferjeturen billegare enn kva som var tilfellet før innføringa. Men, dei som køyrer åleine, må ut med meir enn tidlegare. Difor vil fylkesutvalet ha både Autopass og passasjerbetaling.

– Det kostar pengar å gjeninnføra passasjerbetaling, men heilskapen gjer at vi vil anbefala det likevel, slik at vi kan setja ned prisen for bil, seier Kårbø til NRK.

Korleis passasjerane skal betala, har dei ikkje funne ei løysing på. Dag Hole, prosjektleiar for Autopass for ferje i Vegdirektoratet, seier til NRK at det er uheldig om det blir fleire ulike betalingsløysingar på ferjene på Vestlandet.

NRK viser også til at Rogaland vil sjå på tilsvarande løysingar, og at Sogn og Fjordane ikkje har diskutert betalingssystem på fylkesferjene enno.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut