Høgre og FrP alle legg alle egga i denne eine korga og bruker Hordfast-planane som gissel på heile Ferjefri E39-prosjektet. På tvers av folkeviljen. Kvifor?
Høgre og FrP alle legg alle egga i denne eine korga og bruker Hordfast-planane som gissel på heile Ferjefri E39-prosjektet. På tvers av folkeviljen. Kvifor?

Hordaland i bakevja

I dag skriv Bergens Tidende om korleis Høgre og Frp har prioritert vegbygging i Rogaland framfor Hordaland. Tendensen synest å vera klar: Rogaland skal bli knutepunkt for all samferdsel på Vestlandet. Betyr det at vegen mellom Bergen og Oslo skal gå over Øyane og Bjørnafjorden?

Det er eit massivt fleirtal i Hordaland for å byggje Bergen - Voss. Ei monsterbru over Bjørnafjorden er det færre som vil ha. Likevel legg Høgre og FrP alle egga i denne eine korga og bruker Hordfast-planane som gissel på heile Ferjefri E39-prosjektet. På tvers av folkeviljen. Kvifor?

Forklaringa må liggje i det som ikkje blir sagt høgt. For at ei bru over Bjørnafjorden skal løne seg, må trafikken opp på eit heilt anna nivå enn dagens. Det får ein til ved å gjere bru over Bjørnafjorden til hovudveg mellom Bergen og Oslo med påkopling på E134 heilt nede ved Haugesund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergen-Oslo over Bjørnafjorden kan forklare dei urealistiske trafikkprognosane Vegvesenet opererer med i det noverande Hordfast-prosjektet.

Dette forklarer også kvifor ein ikkje har fått fart på ny E16 mellom Bergen og Voss. Oppslaget i BT i dag syner at det står ikkje på pengane eller handlekrafta til regjeringa når ein vil ha gjennom eit vegprosjekt fort!

Ei løysing som dette forklarer også motviljen regjeringa har mot å utgreia den kanskje aller mest lønsame løysinga, Hordalandsdiagonalen.

Men er det dette vi her på Bergenshalvøya vil? Det eineste som er sikkert er at om det blir framleis blå-blå regjering, vil det også kome ei gigantisk og naturøydeleggjande bru over Bjørnafjorden.

Samferdsel er viktig for veljarane her vest. Vi vil ha trygge vegar. Naturen er også viktig for veljarane her vest. Bruk stemmeseddelen din klokt.

Glenn Erik Haugland

Kommunestyrerepresentant Os

Venstre