Hugo Steffensen i Fundament Skruen AS pakka med seg utstyr og reiste til Strøno i dag for å fiksa busstoppet til Inger Økland (80).
Hugo Steffensen i Fundament Skruen AS pakka med seg utstyr og reiste til Strøno i dag for å fiksa busstoppet til Inger Økland (80).

Hugo fiksa skilt til Inger (80)

Hugo Steffensen tok ansvar då Skyss ikkje ville. No har 80 år gamle Inger Økland fått busstoppet sitt tilbake.

– Eg las saka de hadde om ho eldre dama som hadde mista busstoppet sitt, og eg blei irritert då eg såg kva Skyss svara. Småleg av Skyss, seier Steffensen.

For to veker sidan skreiv Os & Fusaposten om Inger Økland som følte seg urettmessig behandla av ein bussjåfør, som både skal ha ignorert ho, og ved eit tilfelle stoppa lengre bort i vegen og venta på ho. Han og Skyss meiner at det ikkje er eit busstopp ved Lønnevågvegen i Strøno kor Økland bur, men ho er bestemt på at det er det, og det har det vore i lang tid. Busskiltet skal ha forsvunne for halvtanna år sidan. I følgje Økland opplyser dei attpåtil i bussen om at det er eit stopp der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fann skiltet i vegkanten

Det var denne saka Steffensen las. Osingen irriterte seg over at Skyss ikkje ville fiksa problemet.

– Det er ei enkel sak å fiksa. Kvifor lata så små ting bli så vanskeleg? Veldig spesielt, meiner han.

Fredag reiste han difor ut i Strøno og tok saka i eigne hender.

Skyss hevdar at det er tvil om at det i det heile har vore busstopp på staden, men då er det rart at Steffensen fann eit busstopp-skilt liggjande i vegkanten.
Skyss hevdar at det er tvil om at det i det heile har vore busstopp på staden, men då er det rart at Steffensen fann eit busstopp-skilt liggjande i vegkanten.

– Kvar har du fått busskiltet frå?

– Det låg her i vegkanten. Det er rart at det ligg eit busstopp-skilt her om det ikkje har vore, eller skal vera eit stopp her, seier han.

Osingen er eigar av det nyetablerte firmaet Fundament Skruen AS, saman med fire andre. Fredag hadde han med seg ei massiv jordskrue, som han bora ned i jorda for at skiltet skulle stå støtt, og ikke falla overende igjen.

– Vi handlar jordskruer frå Stop Digging, som er store i heile Europa. Denne jordskrua gjer at skiltet står støtt, mykje betre enn kva det gjorde før.