Idylliske Vinnesholmen vart ei litt skremmande oppleving for fleire familiar søndag. (Arkivfoto)
Idylliske Vinnesholmen vart ei litt skremmande oppleving for fleire familiar søndag. (Arkivfoto)

Hundar skremte born

Politiet vart tilkalla for å hjelpa med tre nærgåande hundar på Vinnesholmen søndag.

Det vart ingen roleg badedag for familiane som søndag oppsøkte naturperla Vinnesholmen.

Ifylgje ein tipsar, opplevde dei nemleg at tre hundar sprang jagande etter borna og oppførte seg trugande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle hundane skal ha tilhøyrt privatbustader i området.

Til slutt vart hundane så sjenerande at politiet vart tilkalla.

Os & Fusaposten har så langt ikkje fått tak i politiet for ein kommentar.

anne-marie@osogfusa.no