Ein hurtigbåt vil gå mellom Hatvik og Venjaneset på ukjent tid grunna tekniske problem med ferja.
Ein hurtigbåt vil gå mellom Hatvik og Venjaneset på ukjent tid grunna tekniske problem med ferja.

Hurtigbåt inntil vidare

Sambandet Hatvik - Venjaneset vil inntil vidare bli betjent med hurtigbåt.

Ferja Marsteinen som trafikkerer Hatvik-Venjaneset, gjer teneste som vikarferje på strekninga Hufthamar-Krokeide. Dette etter at Tranøy fekk tekniske problem.

– Sidan Austevoll er ei øy og dermed meir avhengige av ferje enn Fusa, måtte vi prioritera dei, seier administrerande direktør Grete Fuglem Tennås i FosenNamsos Sjø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho kan førebels ikkje seia noko om kor lang tid det vil ta før Hatvik-Venjaneset kan vera i vanleg drift igjen.

– Eg veit ikkje om det vil ta eit par timar eller lengre tid. Det er ein ferjekabal, dette her, seier ho.

Medan ferja Trondheim er pårutinemessig verkstadsopphold er Fosen framleis ute av drift etter å ha gått på grunn tidlegare i år.

– Vi arbeider intenst med å få på plass ei løysing, seier Fuglem Tennås og ber publikum fylgja med på Fosen Namsos Sjø på Facebook.

– Har de fått reaksjonar frå publikum på at ferja er innstilt?

– Det har vore relativt stille på min telefon, i alle fall, seier ho.