Huseigar sløkte branntillaupet sjølv. Brannvesenet kom på kontroll.
Huseigar sløkte branntillaupet sjølv. Brannvesenet kom på kontroll.

Huseigar får skryt etter branntillaup

– Han gjorde alt heilt rett, fortel vakthavande ved Os brann og redning.

Fredag ettermiddag tok ein huseigar i Hegglandsdalen kontakt med brannvesenet. Det skal ha kome flammar ut av ein stikkontakt.

– Eigar av huset slo av straumen og sløkte sjølv. Han gjorde ein god jobb, og handla heilt rett. Han ønskte vår vurdering på om dette var noko som kunne blussa opp igjen, seier vakthavande ved Os brann og redning og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var utan dramatikk for vår del, men sikkert ingen hyggeleg oppleving for huseigar.