Målet med nysatsinga «Liv laga» er å samla mest mogleg informasjon om alle fritidstilbod i Os og Fusa på osogfusa.no. Så langt har over 30 lag meldt seg på.
Målet med nysatsinga «Liv laga» er å samla mest mogleg informasjon om alle fritidstilbod i Os og Fusa på osogfusa.no. Så langt har over 30 lag meldt seg på.

I dag lanserer Os & Fusaposten «Liv laga»

Lokalavisa samlar alle lag og organisasjonar til eitt rike. I dag vert «Liv laga» lansert på osogfusa.no.

Målet med nysatsinga «Liv laga» er å samla mest mogleg informasjon om alle fritidstilbod i Os og Fusa på osogfusa.no. Så langt har over 30 lag meldt seg på.

- Vonleg vil stadig fleire sjå nytten av og ha lyst til å melda seg på, seier Leif Juvik, som er primus motor for prosjektet i avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har freista å få tak i så mange lag som mogleg på epost og telefon, men ikkje all kontaktinfo på nettet har vore oppdatert

Oppmodinga er difor klar:

- Sjekk ut Liv laga på osogfusa.no og ta kontakt med oss, så ordnar me resten, smiler Juvik.

(Klikk her for å koma til«Liv laga»)

Tanken bak nysatsinga er å gjera det lettare for mor, far og ungdomen i huset å finna den kontaktinformasjonen dei treng til det fritidstilbodet dei ynskjer å ta del i. I tillegg ynskjer avisa på denne måten å bidra til å løfta fram mangfaldet i fritidstilbod og hjelpa laga til å nå ut med informasjon.

Malen er den same som for Fagfolk-karusellen som ein finn på osogfusa.no i dag.

- Her vert det både ei totaloversikt og eigne bakomsider for kvart enkelt lag, der store og små kan finna den informasjonen dei er på jakt etter og der laga kan informera om det dei ynskjer, forklarer Leif Juvik som legg til at er svært mange tilbod å velja i, og kanskje ikkje alltid like lett å vita kvar ein kan finna informasjon og kontaktopplysningar.

- Med denne satsinga vonar me å kunna bidra til at det vert lettare å orientera seg og gje laga ein kanal til å nå ut. Vi vonar så mange som mogleg har lyst og høve til å vera med på dette, slik at oversikta vert så komplett som mogleg, til glede for både laga og dei som ynskjer å ta del i eitt av tilboda, oppmodar Juvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no