Under øvinga kring Ramsholmen blir det øving med Røde Kors-båten til Hordaland Røde Kors.
Under øvinga kring Ramsholmen blir det øving med Røde Kors-båten til Hordaland Røde Kors.

I helga blir det fleire øvingar i Os

Røde Kors skal ha øvingar i Ulvenvatnet og kring Ramsholmen denne helga.

Denne helga arrangerer Os Røde Kors sjøredningskurs for eigne og andre lokale lag sine Røde Kors-medlemer. I samband med det vil det bli litt lyd og ståhei.

– Me synest det er viktig å få gjeve beskjed om dette, slik at ikkje folk i området der me skal halda på, trur det er ei ulukke eller folk i fare, seier Ivar Nilsen i Os Røde Kors.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søk og symjetest

Kring 15 deltakarar frå Os, Sotra, Bergen og andre lokale lag frå Hordaland er meldt på.

– Fredag (i dag) kveld blir det øvingar i Ulvenvatnet. Då skal me læra å gå søk, samt gjennomføra ein symjest. Laurdag og søndag blir det øving i området rundt Ramsholmen. Då får me med oss Røde Kors-båten Hordaland i treninga, fortel Nilsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no