Karolina (i vogna), Oksana, Hans Kristian, Kristianna og Aleksandra fekk si Ulvenmarsj-debut laurdag.
Karolina (i vogna), Oksana, Hans Kristian, Kristianna og Aleksandra fekk si Ulvenmarsj-debut laurdag.

– I Latvia er det ikkje vanleg å gå på tur

Oksana Belavska frå Latvia har eit ønske om å bli meir norsk. Laurdag tok ho mannen, Hans Kristian Kleiven, og dei tre døtrene Aleksandra (8), Kristianna (5) og Karolina, som berre er ein månad gamal, med på Ulvenmarsjen.

– I Latvia er det ikkje vanleg å gå på tur. Eg ønskjer å bli meir norsk, og gjera norske ting. I tillegg kjem vi oss ut, får frisk luft, og treffer andre menneske, seier Oksana.

Familien frå Bjånes har i fleire år snakka om å ta del i Ulvenmarsjen, men det har aldri blitt noko av. I år fekk dei endeleg Ulvenmarsj-debuten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har snakka om det i mange år, men det har alltid kome noko i vegen, seier Hans Kristian.

Planen til familien var å gå til dei måtte snu.

– Kor langt vil det seia?

Erling og Laila Andersen.
Erling og Laila Andersen.

– Det kjem heilt an på tid, vêr og form, seier Hans Kristian.

– Aleksandra lir av kreft. Ho er under behandling, og i god form no. Det hjelper nok på behandlinga å koma seg ut og vera i aktivitet, seier Oksana.

Færre deltakarar enn før

Årets Ulvenmarsj er den 39. i rekkja. Då Os & Fusaposten vitja startområde klokka 15.00 laurdag, hadde 145 menneske meldt seg på. Ulvenmarsj-nestor Erling Andersen, håpa og trudde at fleire kom sigande, men han var ikkje heilt nøgd med at så mange andre arrangement kolliderte med marsjen.

– Det er litt keisamt at det er fleire arrangement i dag. Os Turlag har jubileumstur. I tillegg er det Jentefotballdag, og så er det nok ein del som har teke turen til Skarvarennet, seier Andersen.

Erlings mor, Laila, var også tilstades laurdag. Ho fortel at det nok blir langt færre påmelde enn rekordåret 1982.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då var talet påmelde 1.220. I starten av 1990 var sist vi hadde over 1.000 deltakarar, seier Laila.

Kom du deg ikkje ut laurdag, har du framleis sjansen i dag søndag.

– Det variere kva dag som plar vera mest populær av laurdag og søndag, men vi håpar på fleire i morgon. Då er det ikkje så mykje som kolliderer, seier Erling.