Om ein tek lova i eigne hender, kan nabokrangelen enda opp i rettssystemet, og ein kan risikera å måtta betala store summar i erstatning.
Om ein tek lova i eigne hender, kan nabokrangelen enda opp i rettssystemet, og ein kan risikera å måtta betala store summar i erstatning.

– Ikkje ta lova i eigne hender

Huseiernes Landsforbund rår alle til å snakka med naboen, og ikkje ta lova i eigne hender – for det kan bli dyrt.

– Snakk med naboen. Dei aller fleste klarer å bli samde om dei slår av ein hyggjeleg prat i ny og ne, seier distriktsleiar Monica Bryner i Huseiernes Landsforbund avg. Hordaland.

Ro kvar søndag heile dagen

Våren er her med gras, busker og tre. Det er på denne tida at ein gjerne irriterer seg over naboens grasklippar søndag morgon, og tre som tek all sol. Det er faktisk ifølgje heilagdagslova ikkje lov å klippa graset om søndagane. Ei heller er det lov å ta seg til rette og hogga ned naboens tre eller skjera ned på buskane deira, sjølv om sola blir blokkert og allergien spirer mens lauv fell over eigedomen din.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lov om heilagdagsfred er ei lov som politiet er sett til å handheva, så ein kan risikera både åtvaring og bot om ein blir teken på fersken med grasklipparen, fortel Bryner.

Ein ting er lova. Ein annan ting er folkeskikk og oppdraging.

– Nokre nabokranglar når rettssystemet, og naboar kranglar om så mangt. Klassikarane er fargen på nabohuset, tre, busker, hekk, mur, gjerde og tomtegrense. Vegrettar og trampolinar og også kjelder til usemje, seier Bryner.

Kommunikasjon løyser det meste

Huseiernes Landsforbund oppmodar naboar til å snakka saman, og kommunisera om korleis ein skal løysa store og små problem og irritasjon i nabolaget saman.

– Ikkje sag ned naboens tre utan løyve, og dei fleste forstår at det er dårleg stil å starta grasklipparen når naboen sin konfirmant skal feirast på terrassen i huset ved sida av, seier Bryner.

Kostnadene ved å ta lova i eigne hender kan bli store.

– Vi har fleire eksempel på naboar som må betala fleire hundre tusen kroner i erstatning for ulovleg felling av tre. I tillegg kjem saksomkostngane, seier distriktsleiaren.

Lov om heilagdagar og heilagdagsfred:

* Lova sitt føremål er å verna om gudstenestlege liv og den ålmenne freda på heilagdagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

* På heilagdagar frå klokka 00 til klokka 24, i tillegg til påske-, pinse- og julaftan etter klokka 16, skal det vera heilagdagsfred som ingen noko stad må forstyrra med utilbørleg larm.

Følgjande dagar er heilagdag:

* Vanlege søndagar

* Første nyttårsdag

* Skjærtorsdag

* Langfredag

* Første påskedag

* Andre påskedag

Artikkelen held fram under annonsen.

* Kristi Himmelfartsdag

* Første pinsedag

* Andre pinsedag

* Første juledag

* Andre juledag