Siri Marie Hovdenes Ulvatne har teke dette flotte biletet frå hesteryggen. Framfor seg har ho Ulvenvatnet, Kuventræ og Borgafjellet i bakgrunnen.
Siri Marie Hovdenes Ulvatne har teke dette flotte biletet frå hesteryggen. Framfor seg har ho Ulvenvatnet, Kuventræ og Borgafjellet i bakgrunnen.

Imponerande høgt nivå på fotokonkurransen

Tredje og siste runde av «Bjørnafjordenlandskap» er unnagjort. Aldri har så mange flotte landskapsbilete nådd redaksjonen til lokalavisa.

Juryen er mektig imponert over talet på deltakarar og ikkje minst nivået på bidraga. Om ikkje landskaps- og stemningsbileta dykkar er god reklame for vår nye kommune, så veit ikkje me.

Utsikt frå hesteryggen

Vinnaren av denne runden vart Siri Marie Hovdenes Ulvatne. Juryen, beståande av Olav Botnevik, Karoline Forselius og underteikna, synest fotografen her har fanga samspelet mellom dyr, natur og storslagen utsikt i eitt og same bilete på ein flott måte. At garden til Botnevik også har snike seg med på biletet, er etter det me kjenner, til heilt tilfeldig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det såg eg ikkje, ler jurymedlem Olav Botnevik avvæpnande.

Han seier følgjande om vinnarbiletey og dei beste bidraga denne veka.

– Vinnarbiletet er flott, med oversikt over bygda vår. Elles synest eg det er høgt nivå på vatnbiletet (av Linda Merethe Dysvik), men at dette ikkje heilt fell inn under kriteria våre, seier Botnevik.

Oddgeir Bjelland har sendt inn fleire bidrag i #Bjørnafjordenlandskap-konkurransen. Dette er blant hans finast bilete. Ved dette vatnet er det stille, ro harmoni, og det er det også i komposisjonen til Bjelland.

Det er Jan Petter Svendals enkle namn på dette bilete foreviga på terrassen utanfor Oseana Kunst- og Kultursenter.
Det er Jan Petter Svendals enkle namn på dette bilete foreviga på terrassen utanfor Oseana Kunst- og Kultursenter.
Siri Kristiansen har sett Bjørnafjordenlandskapet på nært hald. Mindre fargerikt og fascinerande er det ikkje.
Siri Kristiansen har sett Bjørnafjordenlandskapet på nært hald. Mindre fargerikt og fascinerande er det ikkje.
Jon Ole Botnevik har teke dette biletet av denne fjordhesten i Kikedalen i Fusa.
Jon Ole Botnevik har teke dette biletet av denne fjordhesten i Kikedalen i Fusa.
Irene Undhjem tok dette nasjonalromantiske bilete ved Tretteskjærene i Lygrepollen på 17. mai. Fotografen hevdar å ikkje ha manipulert fargane i biletet, rett og slett fordi det ikkje var naudsynt.
Irene Undhjem tok dette nasjonalromantiske bilete ved Tretteskjærene i Lygrepollen på 17. mai. Fotografen hevdar å ikkje ha manipulert fargane i biletet, rett og slett fordi det ikkje var naudsynt.

Snur bunken

Neste veke avsluttar me fotokonkurransen med ein grande finale. I den samanheng tillet juryen seg å snu bunken, sjå alle innsende bilete på nytt og ta ei grundig vurdering av kva bilete me meiner er best, og som fell tettast på dei kriteria me sette før konkurransen starta.

– Eg synest engasjementet og nivået på bidraga er veldig bra, men kanskje det er litt mange stemningsbilete. Til finalerunden ønskjer eg å sjå meir kulturlandskap, seier Olav Botnevik.

Me gjev alle ein sjanse til å senda inn eit nytt bilete kvar fram til og med onsdag (11. sept) i neste veke.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no