Posisjon og opposisjon, her representert ved Aud-May Boge (H), klarte å einast om at det ikkje skal gjerast noko med barnehagestrukturen i Fusa.
Posisjon og opposisjon, her representert ved Aud-May Boge (H), klarte å einast om at det ikkje skal gjerast noko med barnehagestrukturen i Fusa.

Ingen endringar i barnehagestrukturen

Etter litt fram og tilbake vart posisjonen og opposisjonen samde om at dei kunne vera samde. Det vert ingen endringar i barnehagestrukturen i Fusa.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

I samband med formannskapsmøtet onsdag, hadde rådmann Berit Fløisand bede om ei avklaring knytt til saka om organisering av barnehagar i Fusa kommune.

Men det vart raskt klart at ingen rundt bordet var interesserte i å gjera endringar i barnehagestrukturen i kommunen.

På vegner av Ap, Frp og KrF la Hans Ekeberg (Ap) fram eit fellesframlegg der partia bad rådmannen om å leggja noverande barnehagestruktur til grunn for si vurdering.

Ekeberg bad også rådmannen om å vurdera felles barnehagestyrarar i enkelte geografiske område dersom det viser seg å vera føremålstenleg, både pedagogisk og økonomisk.

Høgre og Senterpartiet føreslo òg at dagens struktur vert vidareført.

- Er dette ei politisk sak? Vi set ikkje i gang utgreiingar dersom det ikkje er trong for det, understreka Mikal Leigland (Sp).

- For KrF er det heilt klart at vi ønskjer å halda fram med den strukturen som er i dag. Det er ikkje meininga å bruka mykje ressursar på å sjå på denne saka, sa Bjarte Samnøy.

- Essensen er at det er ingen rundt bordet som ønskjer å endra dagens struktur. Dermed er eg usikker på om det er naudsynt å dela seg i to leirar, påpeika ordførar Atle Kvåle (Ap) før han la til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kan vi få lov til å stilla oss bak forslaget til H og Sp? Ja, vel. Då er det samrøystes, sa Kvåle og hamra klubba i bordet.

Av di ingen ønskte endringar i barnehagestrukturen, føreslo Sp og H at SFO-tilbodet i kommunen vert lagt til barnehagane i staden for skulane.

- Skulebussen går når skuledagen er over. SFO varer lengre. Dermed bør SFO-tilbodet vera knytt til barnehagane som er igjen i bygdene. Det vert meir praktisk for foreldra, påpeika Leigland.

Sp-politikaren fekk støtte frå Aud-May Boge (H), medan Bjarte Samnøy (KrF) rista på hovudet.

- Det er mange som har det slik i dag, eg skjønar ikkje problemstillinga, sa han.

Forslaget vart nedstemt med fem mot fire røyster.