Politiet i Os har fått melding om fleire trafikkuhell i løpet av helga.
Politiet i Os har fått melding om fleire trafikkuhell i løpet av helga.

Ingen tekne for promillekøyring

20 bilførarar vart kontrollerte då dei kom med Tysnesferja til Halhjem søndag morgon. Ingen hadde promille.

Politiet var til stades på Halhjem ferjekai før klokka 7 søndag morgon. Av bilane som kom med ferja frå Tysnes vart 20 kontrollerte.

– Ingen hadde promille, opplyser politiførstebetjent ved Os lensmannskontor, Rune Fimreite.

Artikkelen held fram under annonsen.

Natt til søndag vart det også meldt om ein gress-/lyngbrann på Moberg i Os.

– Det var eit område på kring 15–20 kvadratmeter som brann, men brannvesenet var raskt på staden og fekk sløkt, fortel Fimreite.

Funnen i god behald

I 10-tida laurdag var det ein samanstøyt mellom ein personbil og ein lastebil på ferjekaien på Halhjem. Hendinga fann ifølgje politiet stad i samband med eit feltskifte.

– Skjermen på bilen vart skrapa opp, men det var ingen personskade. Det vert ikkje oppretta noko sak frå vår side, er beskjeden frå politi.

Trøbbel vart det også for to personar som skulle på køyretur på Søfteland i 13-tida. Bilen byrja med eitt å gli, og hamna i ei skråning. Ingen av personane vart skadde i ulukka, men dei måtte få hjelp til å koma seg ut.

– Naudetatane var på staden for å bistå, opplyser Fimreite.

På veg til oppdraget på Søfteland hamna ambulansen oppi ei anna trafikkulukke på E39. Ein bil oppdaga nemleg ambulansen som kom i mot med blålys, og bremsa ned. Det gjorde ikkje bilen som kom bak og køyrde rett i bakenden på bilen foran.

Fredag kveld vart det iverksett ein leiteaksjon etter ei to og eit halvt år gamal jente på Søfteland. Jenta var sakna i nærleiken av Vindalsvatnet, og dykkarar, luftambulanse og hundepatrulje vart difor sett inn i søket etter henne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vart søkt både i nærområdet og nede ved vatnet. Ein liten time etter at meldinga kom, fekk vi beskjed om at jenta var funne i god behald, fortel Fimreite.