annonse

Inkluderande, god og mobbefri skulestart

: Møtet med skuleverket så langt har vore svært betryggande, skriv redaktør Jostein Halland. (Foto: )

Vil dei kjenna seg trygg på omgjevnadene? Vil dei henga med i timane? Vil dei klara å sitja stille på stolen i ein heil skuletime? Vil dei føla seg som ein del av fellesskapet? Spørsmåla er mange for foreldre som slepp sine håpefulle inn i skulegarden for fyrste gong.

Det kriblar litt ekstra i mange 5- og 6-åringars magar i desse dagar. Skulestart nærmar seg. Mange gler seg. Andre synest det er meir spanande og skummelt enn kjekt. Sjølv har eg ein 5-åring som er ein stad midt i mellom. Han grugler seg.

Som far til skulegut for fyrste gong kjenner ein også litt ekstra på det. Ein ting er at barnehage-epoken er forbi og «at tida går så altfor fort». Plutseleg er han konfirmant, og ein må pussa opp badet, eller gangen eller skifta dører på kjøkenet. (For det er jo slikt ein gjer til konfirmasjonen...).

Noko anna er korleis han vil finna seg til rette på skulen. Vil han kjenna seg trygg på omgjevnadene? Vil han henga med i timane? Vil han klara å sitja stille på stolen i ein heil skuletime? Vil han føla seg som ein del av fellesskapet? Vil han ha nokon å vera med? Spørsmåla er mange.

Møtet med skuleverket så langt har vore svært betryggande. Rammeverket, rutinane og den merksemda som er på nettopp desse spørsmåla frå skulen og lærarane si side, har vist seg svært god, slik me har erfart det.

– Born er den viktigaste ressursen i samfunnet vårt. Om vi vil ha eit godt samfunn, må vi ta vare på borna våre, seier lærar ved Eikelandsosen skule, Margunn Å. Sæther.

Slike uttalar er med på å byggja opp kring dette inntrykket. Sæther er også oppteken av å ta seg tid til den enkelte. – I skulen skal det vera «Rom for alle – blikk for den enkelte», siterer ho Gudmund Hernes.

Her ligg mykje av nøkkelen. Alle born treng å bli sett. Dei treng å bli anerkjende og inkluderte. Og dei treng å bli gjeve rom til å utfalda seg og bli vist toleranse, forståing og tryggleik til å vera akkurat den dei er - med sine sterke og mindre sterke sider.

Alt dette er motparten til mobbing. Her har vi eit felles ansvar for å følgja opp nulltoleransen.

For oss foreldre gjeld det å vera gode førebilete og følgja opp borna som best me kan. Så enkelt, og samstundes så vanskeleg. Noko av dette omfattar blant anna å framsnakka skulen. Framsnakka lærarane. Framsnakka medelevar. Sjå eigne born, men også sjå og anerkjenna våre eigne borns medelevar og bidra til forståinga, inkluderinga og tryggleiken som me alle ynskjer for våre eigne.

jostein@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.