Det er gjort innbrot i ein båt ved Os Sjøfront.
Det er gjort innbrot i ein båt ved Os Sjøfront.

Innbrot i båt

Det er meldt om tjuveri frå ein båt ved Os Sjøfront.

– Innbrotet har skjedd i løpet av helga, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stein Rune Halleraker og held fram:

– To fiskestenger er borte, og det er kasta rundt på gjenstandar. Det er mogleg at det har vore innbrot i fleire båtar. Det skulle meldar sjekka opp i. Lokalt lensmannskontor er varsla. Meldinga kom i 20-tida fredag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innbrot i bil

Det er også nokon som har gjort innbrot i ein bil i går.

– Vi fekk melding om innbrot i ein bil i Marivegen klokka 12.55 i går. Venstre frontrute er knust. Nokre gjenstandar av mindre verdi er bortekne. Innbrotet har skjedd mellom torsdag og fredag, fortel Halleraker.

I går kveld i 20-tida stoppa politiet ein bilførar i Idrettsvegen.

– Patruljen fanga opp bilen og stansa han. Bilførar, ein mann i 20-åra, hadde ikkje gyldig førarkort og vil bli meldt for det, seier Halleraker.

Slåsting

Ti over halv fire i natt skal det ha oppstått slåsting i taxikøen. Sju personar skal ha vore involvert.

– Det blei meldt om at ei dame fall i bakken. I løpet av samtalen med meldar roa det seg. Då politiet kom til staden 20 minutt seinare var ingen av dei til stades. Vi har ikkje høyrt noko i ettertid heller, seier Halleraker.